Detaljer

  • Bedrift
    Vaksdal kommune
  • Søknadsfrist
    10.06.2020
  • Sted:
    Vaksdal kommune
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Vaksdal kommune
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    2875752
  • Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune

Sjukepleiar i heimetenesta

Helse og omsorg har ei ledig fast stilling som sjukepleiar i heimetenesta, 77%.
Turnus med arbeid tredje kvar helg

Arbeidsstad

Vaksdal kommune, heimesjukepleien.

Heimesjukepleien har base på Dale, og dekkjer heile kommunen. Me skal leggje til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg heime. Det gjer me gjennom å leggje til rette for eigenmestring og sjølvstende, ved å byggje på brukaren sine eigne ressursar. Me har brukarar i alle alderstrinn, og arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande.

Velferdsteknologi, saumlause tenester og oppfølging av pårørande er stikkord for 2020.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiarprosedyrer
  • Gje støtte og vegleiing til brukar og pårørande
  • Kvardagsrehabilitering
  • Omsorg og pleie
  • Palliasjon i heimen

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som sjukepleiar. Anna treårig høgskuleutdanning kan også bli vurdert.
  • Førartkort klasse B
  • Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • Utviklings- og løysingsorientert
  • Evnar å sjå heilskapen i tenesteproduksjon og vera med å utvikle dei ulike fagmiljøa
  • Fagleg trygg
  • Likar utfrodringar og sjølvstendig arbeid
  • Evna til å bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima mellom tilsette, pasientane og pårørande
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.       

 

Lønsvilkår

Etter gjeldande lov og avtaleverk
 

Vaksdal kommune kan tilby

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar.

 

Slik søkjer du

Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.

For tilsette som søkjer på stilling, logg på med eige brukarnamn og passord.

Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 955 27 504 / 453 75

984