• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    18.06.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5763674
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 05.06.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Sjukepleiar/helsefagarbeidar 80% fast stilling natt

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga

Straume bu og servicesenter er et unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som saman gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktive, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar.

Senteret inneheld tre bufellesskap, ei dagavdeling og omsorgsbustader. Det er no ledig 80% fast fast stilling på natt for sjukepleiar eller helsefagarbeidar frå 1. september. 3% av stillinga er knytt til timebank, men alt vert lagt inn i årsturnus. Du jobbar i team med 3 andre nattevakter som saman har ansvar for 52 bebuarar på senteret.

Straume bu og servicesenter deltek i TØRN piloten «Oppgåvedeling og tenestestyrt bemanning». Vi jobbar med løysingar for god oppgåvedeling, den gode vakta og kontinuitet i bemanning.

Arbeidsoppgåver:
  • Utøva god fagleg omsorg til våre bebuarar
  • Dokumentasjon i gjeldande fagjournal
  • Ivareta bebuars individuelle behov
  • Du bidreg til eit godt og engasjerande arbeidsmiljø
  • Rettleiing av studentar, lærlingar og andre nytilsette
  • Du bidrar med fagleg autoritet og varme.
Kvalifikasjonar: 
  • Autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Gyldig politiattest
Ønskjeleg med:

Erfaring frå heimetenesta eller anna arbeid med eldre

Personlege eigenskapar
  • Du er fagleg engasjert og trygg i rolla som sjukepleiar/helsefagarbeidar
  • Du har gode samarbeidsevner, og kan jobbe både sjølvstendig og i team
  • Du er stabil, påliteleg og ansvarleg
  • Du bidrar positivt, har godt humør og trivst med varierte oppgåver
  • Du er løysingsorientert og likar nye utfordringar.
  • Du engasjerer deg, er positiv i møte med våre bebuarar og pårørande
  • Personlege kvalifikasjonar vil verta vektlagt
Vi tilbyr:
  • Støttande leiing og gode kollegaer
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Startlån
Kontakt:

Einingsleiar Helen Ågotnes, tlf: 930 93 183

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    18.06.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5763674
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 05.06.2024