• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    10.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5077942
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 30.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Sjukepleiar/helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med å forme framtidas eldreomsorg?Då ønsker vi deg som kollega ved Førde omsorgssenter!

Vi er eit moderne omsorgssenter med mange engasjerte og dyktige medarbeidarar i eit godt fagmiljø. Vi har fokus på utviklingsarbeid og frå juni 2023 vil sjukepleiarane arbeide team-basert ved omsorgssenteret. Hjå oss vil du som sjukepleiar og helsefagarbeidar få nytte fagkompetansen din gjennom ansvar og spennande oppgåver. Du vil få mogelegheit for å gå i ein turnusordning med bruk av langvakter som gjev lengre friperiodar, og arbeid kvar 4.helg.

Vi har ledig fleire stillingar:
  • faste stillingar som sjukepleiar
  • faste stillingar som helsefagarbeidar
  • helgestillingar for sjukepleiar/helsefagarbeidar

Førde omsorgssenter er eit «levande» senter som består av 3 einingar; korttidseining, langtidseining og skjerma eining. Vi samhandlar med mellom anna fysio/ergo, aktivitør og eigen lege på senteret.

Vi er framtidsretta og har fokus på fagleg kvalitet. Dette er arbeidsplassen for deg som ønsker høg grad av fagleg utvikling, likar varierte oppgåver, er sjølvstendig og trivast med utfordringar.

Kven er du:
  • motivert for å arbeide med menneske
  • evner å tileigne deg ny kunnskap
  • engasjert og kan arbeide sjølvstendig
  • god på samarbeid og til å delegere oppgåver
  • oppteken av gode relasjonar og pasientnær omsorg
  • ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • fleksibel og likar utfordringar
  • positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
 Vi tilbyr:
  • kr. 20 000,- som rekrutterings- og stabiliseringstillegg for sjukepleiar i 100 % stilling
  • kr. 7 000,- som rekrutterings- og stabiliseringstillegg for helsefagarbeidar i 100% stilling
  • kompensasjon for rettleiing av sjukepleiarstudentar
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning 
  • mogelegheit for langvakter med arbeid kvar 4.helg
  • engasjerte kollegaer og leiarar
Kvalifikasjonskrav:
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • fagbrev helsefagarbeidar
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • IKT-kunnskap
  • godkjent politiattest

Vidareutdanning for sjukepleiar/helsefagarbeidar innan demensomsorg, lindrande behandling/palliasjon, rettleiing, legemiddelhandtering og velferdsteknologi, samt erfaring som ressurssjukepleiar vil vere ein fordel.

Dersom det ikkje melder seg søkjarar med relevant utdanning til stillingane kan andre med erfaring og interesse for eldreomsorg søke. Ein vil då få tilbod om midlertidig stilling.

Håpar dette verkar interessant!

Du må søke elektronisk.

Velkommen som søkar!

 

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale med ein av einingsleiarane ved omsorgssenteret:

Skjerma eining: Britt Sissel Sunde tlf: 47 46 73 61

Langtidseininga: Camilla Sørensen tlf: 99 08 43 61/ 99 70 60 96

Kortidseininga: Gunn Beathe Bruland tlf: 99 61 04 73/ 47 97 07 42

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    10.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5077942
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 30.03.2023