• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    02.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift / turnus / arbeidstidsordning
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4085892
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 23.09.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Sjukepleiar - faste stillingar og vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Førde omsorgssenter er ein moderne sjukeheim. Vi har eit godt fagmiljø med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Langtidseininga har 28 plassar til brukarar med behov for langtidspleie. Her er brukarar med mange ulike diagnoser. Vi har ein god arbeidsstad med høgt tempo og utfordrande og varierte arbeidsoppgåver. 

Vi søker etter dyktige medarbeidarar:
  • 2 x 100 % fast stilling som sjukepleiar. Stillingane har to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg
  • 72 % vikariat som sjukepleiar på natt. Vikariatet varer til 31.12.2021 men med høve til forlenging
Krav til søkar:
  • autorisert sjukepleiar
  • samarbeidsvillig, fleksibel, løysingsorientert og påliteleg
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Vi legg vekt på at du:
  • har motivasjon for å jobbe innan eldreomsorg og evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder
  • fungerer godt i team og har evne til å delegere oppgåver
  • likar å jobbe i relasjon med andre menneske og er oppteken av aktiv omsorg
  • er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Om stillingane:
  • utføre praktiske sjukepleiaroppgåver og observere tilstand og behov hos bebuar
  • samarbeide med bebuarar, pårørande, fastlege og spesialisthelsetenesta
  • rettleiing og undervisningsansvar til kollegaer/studentar
  • bidra aktivt til eit helsefremjande miljø
  • samarbeid med både kommunale og eksterne aktørar innan helse og pleie og omsorg
  • ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet cosdoc
Kva tilbyr vi deg?
  • pasientnært og fagleg fokus
  • faglege utfordringar
  • godt arbeidsmiljø
  • god og tilstadeverande leiing
  • gode pensjon- og forsikringsordningar
  • tilsetting etter vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtale
  • mogelegheit for kompetansetillegg

For tilsetting gjeld ei prøvetid på 6 månader.

Vi er ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre. Vi jobbar saman i eit tverrfagleg miljø, med høg
effektivitet og kvalitet. Hos oss får du kollegaer som  du vil trivast med,  og ein jobb du kan føle deg trygg i.
Våre nye medarbeidarar skal passe inn i dette miljøet, men samtidig vere sjølvstendige og ha god evner til
samarbeid og omstilling.

Her er mange faglege utfordringar å engasjere seg i. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for
kreftomsorg og lindrande behandling i kommunane. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg
og velferdsteknologi. Vi er opptekne av fagleg kvalitet i tenstene våre og har difor støtteordningar for
relevant vidareutdanning.

Oppgje referansar i søknaden.

Vi ønsker at du søker elektronisk.

Politiattest må leverast før start i stilling.

Om du ønsker å arbeide med eldre menneske i eit triveleg arbeidsmiljø er du velkommen som søkar!

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    02.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift / turnus / arbeidstidsordning
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4085892
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 23.09.2021