• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    11.09.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4560292
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 30.08.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Sjukepleiar fast 70% stilling natt- Heimetenesta sone sør

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. I heimetenesta vil du møte brukarar i alle aldrar og med stor variasjon i hjelpebehov. Du får høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje ny erfaring, i eit miljø som er oppteken av å vere fagleg oppdatert. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.

 Ønskjer du deg fast stilling, med gode kollegaer og varierte oppgåver? Vi søkjer etter deg som er engasjert, fleksibel og har fokus på høg kvalitet for brukarane våre.

Stillinga er 70 % fast der der 20 % av stillinga er knytt til timebank. Sone sør har sonekontor på Skogsvåg. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiarfaglege oppgåver og omsorgsoppgåver i tenestemottakar sin heim
  • Primærsjukepleie
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert sjukepleiar
  • Personlege eigenskapar vert særskild vektlagt
  • Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
  • Søkjar må ha førarkort for bil
  • Erfaring frå arbeid i heimetenesta er ein fordel
  • Krav om framlegg av politiattest

 Personlege eigenskapar:

  • Kompetent, open, påliteleg og engasjert
  • Fleksibel og løysningsorientert
  • Gode etiske og faglege haldningar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivs med å arbeide i ein hektisk arbeidskvardag

Anna:

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- på år over gjeldande tariff.

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit funksjonstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    11.09.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4560292
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 30.08.2022