• Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    21.02.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6058223
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Giske Kommune

Sjukepleiar, dagstillingar med langvakter kvar 4. helg ved Valderøy omsorgsdistrikt 

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ein av våre gode kollegaer skal over i ny stilling i kommunen og vi har derfor ledig fast 100 % stilling som sjukepleiar. I tillegg har vi ei vakant stilling ledig, og lyser derfor ut

2 x 100 % faste stillingar i heimebasert omsorg frå 05.05.2025. Dersom det er ønskjeleg kan det bli aktuelt med tidlegare oppstartsdato. 

Begge stillingane inngår i turnus med kun dagvakter i vekedagane i tillegg til langvakter på dag/kveld kvar 4. helg. 

I desse stillingane vil ein i tillegg til ordinære sjukepleieoppgåver blant anna ha fokus på prosedyrer, fag og utvikling i nært samarbeid med avdelingsleiar. Ein vil også ha eit tett samarbeid med korttidsavdlingar, tildelingskontor, velferdsteknikar, ergoterapeut, fysioterapeut og kvardagsrehabiliteringsteam. 

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Legg ved dokumentasjon på utdanning og praksis i søknaden.


Kvalifikasjoner:

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • God digital kompetanse og beherske velferdsteknologiske løsingar som arbeidsverktøy og fagsystem.
  • God rettleiarkompetanse.
  • Førarkort for bil.
  • Svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlige egenskaper:

  • Stabil og trygg med god arbeidskapasitet.
  • Positiv, innovativ, fleksibel og løysingsorientert.
  • Særs gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
  • Lojal og omsorgsfull.

Vi tilbyr:

  • Spanande fagmiljø med mange ulike arbeidsoppgåver innanfor rehabilitering, kortidspasientar, langtidspasientar og i heimebasert omsorg.
  • Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår, men du er sikra løn tilsvarande stigen med 16 års ansiennitet.
 

  • Bedrift
    Giske Kommune
  • Søknadsfrist
    21.02.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6050, VALDERØYA
    GISKE
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6058223
  • Se her for andre jobber fra Giske Kommune