• Bedrift
    Kvam kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Stillingsfunksjon
    Helsepersonell
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Helsetjenester
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Ønsket Språk
    Norsk, Engelsk
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4713494
  • Se her for andre jobber fra Kvam kommune
  • Oppdatert 05.08.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kvam kommune

Sjukepleiar /assisterande gruppeleiar 60/40 % stilling

Helsetjenester

Stillinga er ledig frå snarast og er for tida knytt til gruppa Kvam heimetenester. 

Kvam heimeteneste gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande frå Kjepso til Ljones. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar. Målet er at det å bu i eigen heim skal vera eit reelt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa. Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og heimehjelparar jobbar tett saman i team. 

Kvam heimeteneste er organisert under Tenester til heimebuande saman med korttidsavdelinga, hjelpemiddellager og dagaktivitetstilbod. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg. 

Arbeidsoppgåver

Sjukepleie primært knytt til heimebuande i Kvam i 60% av stillinga.  

Administrative oppgåver knytt til drift av tenesta i 40% av stillinga. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Du må kunne arbeida sjølvstendig 
  • Må ha førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg 

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.   

Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som:

  • Løysningsorientert
  • Fleksibel og tek ansvar
  • Møter andre på ein respektfull og open måte
  • Deler og aukar kunnskap
  • Er open for endringar 

Vi tilbyr

  • Me tilbyr spanande arbeidsoppgåver i eit arbeidsmiljø med høg fagdekning
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar        

Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.


Kontaktinformasjon

Kjersti Hanssen Gruppeleiar Kvam heimeteneste: 482 08 990

Annelin Aga: 48208990 annaga@kvam.kommune.no



 

  • Bedrift
    Kvam kommune
  • Søknadsfrist
    14.08.2022
  • Stillingsfunksjon
    Helsepersonell
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Helsetjenester
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Ønsket Språk
    Norsk, Engelsk
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4713494
  • Se her for andre jobber fra Kvam kommune
  • Oppdatert 05.08.2022