• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    22.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4660314
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 09.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Sjukepleiar 90% fast - Øygarden lokalmedisinske senter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Øygarden lokalmedisinske senter inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste. Stillinga som her vert lyst er knytt mot 2. etg og kortidsavdeling for pasientar som kjem frå sjukehuset. På sikt er målet at denne avdelinga skal bli ei rehabiliteringsavdeling.

Vi søkjer deg som ønskjer å jobbe med korttidspasientar og deira mål for å komme trygt heim, og som tykkjer det gir meining at dei fleste pasientane har nytte av opptrening og rehabilitering og vil jobbe for måla som blir sett for pasienten.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging av pleie og behandling av pasientane
  • Arbeide for å hjelpe pasienten til å nå sine mål
  • Arbeide lojalt og aktivt med Øygarden lokalmedisinske sine kvalitetsrutinar og fagprosedyrar
  • Rettleiing, opplæring og utviklingsarbeid
  • Tverrfagleg arbeid
  • Vere ein god rollemodelle for å skape eit kreativt og utviklande fagmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Autorisert sjukepleiar
  • Ønskjeleg med vidareutdanning innan geriatri

Personlege eigenskapar:

  • Du er opptatt av pasienten sin rett til medbestemmelse og involverar pårørande
  • Du viser engasjement i arbeidet ditt
  • Du har respekt for andre og deler din kunnskap med dei som treng det
  • Du er er open,  nysgjerrig og gir beskjed når det trengs
  • Du ønskjer eit spanande fagmiljø med godt kollegafellesskap
  • Du har gode IT-kunnskap

Anna:

  • Stillinga inngår i årsturnsus med 12 helgar i langvakt. Langvakt er berre knytt til helg
  • Sjukepleiarar i fast turnus vert løna kr. 35 000,- over sentral garantiløn 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA verksemd
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    22.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4660314
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 09.06.2022