Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
08.07.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6276718Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Sjukepleiar 80% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du sjukepleiar og vil jobbe i et triveleg og godt arbeidsmiljø med spennande oppgåver?
Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ei flott personalgruppe som saman gjer sitt beste for at våre bebuarar skal få vere aktiv, oppleve tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar og assistentar.
Senteret inneheld tre bufellesskap, ei dagavdeling og 27 omsorgsbustader.
Det er no ledig 80% vikariat som sjukepleiar i omsorgsbustadane fram til 30.06.2026. Vi har årsturnus med mogelegheit for å jobbe langvakter.
Arbeidsoppgåver:- Sjukepleiefaglege oppgåver
- Ivareta brukars individuelle behov
- Du bidrar til eit godt og engasjerande arbeidsmiljø
- Rettleiing av studentar, lærlingar og andre nytilsette
- Du bidrar med fagleg autoritet og varme
- Autorisert sjukepleiar
- Gode munnleg og skriftlege norskkunnskapar
- Gyldig politiattest.
- Er du nyutdanna sjukepleiar er du velkomen til å søkje. Du vil få god opplæring.
Erfaring frå arbeid i sjukeheim eller heimeteneste
Personlege eigenskapar- Du er fagleg engasjert og trygg i rolla som sjukepleiar
- Du har gode samarbeidsevner, og kan jobbe både sjølvstendig og i team
- Du er stabil, påliteleg og ansvarleg
- Du bidrar positivt til eit godt arbeidsmiljø og har godt humør.
- Du evner å takle hektiske arbeidsdagar når det er nødvendig og trivst med varierte oppgåver
- Du er løysingsorientert og likar nye utfordringar.
- Du engasjerer deg, er positiv i møte med brukarar og pårørande
- Egna personlegdom vert vektlagd
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vi tilbyr:- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Avdelingsleiar Heidi R. Endal tlf: 919 11 187
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
08.07.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6276718Se her for andre jobber fra Øygarden kommune