Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
14.09.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5338256Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 01.09.2023
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Sjukepleiar 80% fast, Fjell sjukeheim
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sjukepleiar 80% fast stilling – dement avdeling - Fjell sjukeheim
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Om avdelinga:
Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume.
Sjukeheimen har 46 pasientar fordelt på somatisk avdeling med 38 pasientar og dementavdelinga med 8 pasientar.
Dementavdelinga er nyleg rehabilitert, og har velferdsteknologi knytt til alle rom.
Vi har sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, lege og musikkterapeut , som alle jobbar saman for å møte pasientane sine behov. Vi har god kollegastøtte og eit godt arbeidsmiljø.
Vi treng no ein dyktig og kunnskapsrik sjukepleiar i teamet vårt. Vi håper at du er den rette sjukepleiaren og ønskjer deg velkomen til å søkje på stillinga.
Pasientane på dementavdelinga har langtidsplass. Alle med ulike behov, og vi har fokus på individuell tilpassa oppfølging og tenester, med utgangspunkt i pasientens mål og ressursar. Dette gjer grunnlag for ulike utfordringar, kor du som sjukepleiar får bruke din kompetanse! Vi ønskjer sjukepleiarar som legg vekt på å ha en individuelt tilrettelagt pasientbehandling gjennom observasjon, sjølvstendige vurderingar, planlegging og utføring av tiltak.
Vi har eit godt fagmiljø og jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre vårt arbeid, og vi ønskjer engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring. Vi har god takhøgde i organisasjonen. Vi har eit ønskje om – og vi jobbar målretta mot dette – å få sjukepleiarane i sjukepleiarteam.
Ta gjerne kontakt på telefon til avdelingsleiar eller einingsleiar om du har spørsmål om stillinga.
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Autorisasjon som sjukepleiar
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå sjukeheim
Kven er du?
- Verdset gode kollega og det å jobbe saman som eit lag
- Løysingsorientert, initiativrik, evner å planlegge og gjennomføre
- Strukturert, nøye og effektiv
- Engasjert
- En som kan bidra positivt inn i arbeidsmiljøet
- Evner å jobbe sjølvstendig
- Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer
Arbeidsoppgåver:
- Tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper
- Sjukepleiefaglege oppgåver
- Blodprøvetaking og anna medisinsk utstyr
- Rettleiing til pasientar, pårørande, kollega og studenter
- Administrasjon – tiltaksplaner, prosedyrer, rapportering m.m.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Anna:
- Ved intern tildeling kan anna stilling bli ledig
- 5% av stillinga er timebank
- Sjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff
- Gratis parkering i parkeringshus
Kontakt:
Einigsleiar: Ruth N Bakke Tlf: 55 09 74 13 / 903 60 110
Avd.leiar: Maria G Furenes 55 09 74 03 / 480 39 223
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
14.09.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5338256Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 01.09.2023