Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Sjukepleiar 80-100% fast stilling langvakt natt

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ønskjer du nye utfordringar?

Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume.

Somatisk avdeling har ulike pasientgrupper; korttidspasientar, avlastnings-/vurderingspasientar og langtidspasientar – alle med ulike behov for behandling og oppfølging. Dette gjer grunnlag for ulike utfordringar, kor du som sjukepleiar får brukt din kompetanse! Vi ønskjer sjukepleiarar som legg vekt på å ha en individuelt tilrettelagt pasientbehandling gjennom observasjon, sjølvstendige vurderingar, planlegging og utføring av tiltak.

Vi ønskjer å jobbe slik at alle pasientar får ein heilskapleg teneste med utgangspunkt i pasientens mål og ressursar. Blodprøvetaking og andre undersøkingar tas på avdelinga, og sjukepleiarane kan jobbe saman for å ta gode vurderingar ut ifrå disse.

For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av fløyer og mellom faggrupper finn stad. Våre sjukepleiarar må være eit viktig ledd i dette arbeidet.

Vi arbeidar kontinuerleg med å kvalitetssikre vårt arbeid, og vi ønskjer engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring. Vi har god takhøgde i organisasjonen. Vi organiserer sjukepleiarane  i sjukepleiarteam.

 

Kven er du?
  • Verdset gode kollega og det å jobbe saman som eit lag
  • Løysingsorientert, initiativrik, evner å planlegge og gjennomføre
  • Strukturert, nøye og effektiv
  • Engasjert
  • En som kan bidra positivt inn i arbeidsmiljøet
  • Evner å jobbe sjølvstendig
  • Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer
Arbeidsoppgåver:
  • Tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper
  • Sjukepleiefaglege oppgåver
  • Blodprøvetaking og anna medisinsk utstyr
  • Rettleiing til pasientar, pårørande, kollega og studentar
  • Administrasjon – tiltaksplanar, prosederer, rapportering m.m.
Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Autorisert sjukepleiar
Ønskjeleg med:  
  • Erfaring frå sjukeheim
Anna:

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)

Langvaktane varar frå 21.00-07.00

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Ingen krav til eigenkapital og opptil 100% finansiering av eigen bustad: Startlån
  • Gratis parkering
Kontakt:

Einingsleiar: Eivind Flem tlf 406 11 384

                                     Mail: eivind.flem@oygarden.kommune.no

Avd.leiar:   May-Britt Hægland tlf   951 60 647

                    Anita L Kausland  Tlf 481 98 372

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.