• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    22.10.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3192860
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 01.10.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Sjukepleiar 75% vikariat, Straume bu og servicesenter, 2.gongs utlysing.

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Straume bu og servicesenter er eit unikt og levande senter lokalisert sentralt på Straume. Vi har ein flott personalgruppe som saman gjør sitt beste for at våre bebuare skal få vere aktiv, oppleva tryggleik og meistring. På senteret jobbar det sjukepleiare, vernepleiare, musikkterapeut, helsefagarbeidera, aktivitør og assistentar.

Senteret inneheld tre bufelleskap, ein dagavdeling og 28 omsorgsbustader. Det er no eit ledig vikariat i 75 % stilling som sjukepleiar i bufellesskap B/C, varigheit 6 mnd, med moglegheit for forlenging.

 

Arbeidsoppgåver:

Du må trivast saman med mennesker og ønskja å yta ditt beste for å ivareta våre brukara. Dei vi skal hjelpa har ulike medisinske behov og du må kunna utføra varierte pleieoppgåver hos dei ulike brukarane.

  • Sjukepleiefaglege oppgåver
  • Medikamenthandtering
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
  • Ivareta brukars individuelle behov
  • Dokumentering i fagjournal

Kvalifikasjonar: 

  • Autorisert sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  • Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med eldre

 Eigenskapar:

  • Du må trivast saman med mennesker og ønskja å yta ditt beste for å ivareta våre brukara. Dei vi skal hjelpa har ulike medisinske behov og du må kunna utføra varierte pleieoppgåver hos dei ulike brukarane.
  • Du er engasjert og positiv
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Er ein god teamarbeidar
  • Kan jobba sjølvstendig og er løysningsorientert
  • Du er open for nye utfordringar
  • Evnar å takla stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive

  Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

 

Vi har i Øygarden kommune rekrutteringstillegg for sjukepleiarar på kr 25.000;. Om ønskjeleg kan det leggjas til rette for ein turnus med langvakter kvar 4.helg.

 

Kontakt:

Avdelingsleiar: Astrid Geitle,Tlf. 56 33 64 05

Einingsleiar:     Trude Myklebust,Tlf. 55 09 64 04

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    22.10.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3192860
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 01.10.2020