• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    02.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3927331
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 29.06.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Sjukepleiar 75% fast stilling natt, Sundheimen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du vår nye medarbeidar i eit triveleg, travelt og utviklande arbeidsmiljø?

Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har både korttids og langtidspasientar.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg omsorg for eldre menneskjer
  • Sjukepleiarfaglege oppgåver
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Dokumentasjon
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid

 

Kvalifikasjonar: 

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  •  Erfaring frå sjukeheim eller arbeid med eldre.

 

  Personelege eigenskapar:

  • Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du er engasjert og ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
  • Du er open for nye utfordringar
  • Evne til å takle stress og hektiske situasjonar 
  • Fleksibel
  • Målbevisst og resultatorientert
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive

 

Anna:

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- på år over gjeldande tariff.

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit tillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)

 

Ønskjeleg med:

 

  • Erfaring frå sjukeheim eller arbeid med eldre.

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

-       Einingsleiar : Janne Thode , 56339720/45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no

-       Avdelingsleiar: Renate Forland  : 56339710 renate.forland@oygarden.kommune.no

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    02.08.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3927331
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 29.06.2021