Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
26.12.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Rong
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4910987Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 10.12.2022
Øygarden kommune
Sjukepleiar 75% fast, Heimetenesta sone nord
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sjukepleiar fast 75% stilling- Heimetenesta sone nord
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Om avdelinga:
Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. Som sjukepleier i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim. Ein vil møte brukarar i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske soner, i team og aleine. Vi treng deg som ein kompetent sjukepleiar som kan utføre sjukepleiefaglege oppgåver og omsorgsoppgåver. Vi ynskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.
Det vert no lyst ut etter 75% fast stilling for sjukepleiar i heimetenesta sone nord. 25% av stillinga er knytt til timebank. Sone nord har sonekontor på Rong.
Sjukepleiarar i turnus i Øygarden kommune er løna kr 35 000 per år over tariff. Avdelinga nyttar årsturnus.
Stillinga er ledig frå 01.04.2023
Ved eventuell intern tilsetjing kan anna stillingsprosent bli ledig.
Arbeidsoppgåver:
- Sjukepleiarfaglege oppgåver knytt til pleie, behandling og miljøretta tiltak i brukars heim.
- Primærsjukepleie
- Aktivt bidra til å sikre individuelle, faglege og etisk forsvarlege tenester.
- Ivareta sjukepleiarfagleg ansvar på vakt
- Tverrfagleg samarbeid, samt samarbeid med brukar og pårørande
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling.
Kvalifikasjonar for stillinga:
- Autorisert sjukepleiar
Andre krav:
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
- Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
- Søkjar må ha førarkort for bil
- Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel
Personlege eigenskapar:
- Vi søker etter ein sjukepleiar som brenn for faget sitt, er fleksibel og som liker ansvar og utfordringar.
- Du blir en del av eit godt miljø der vi vektlegg trivsel, kvalitet og samarbeid.
- Det vektleggas at du kan arbeide sjølvstendig, har gode etiske og faglege haldningar, er trygg på deg sjølv, har gode samarbeidsevner og er løysningsorientert.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Einingsleiar Marianne V. Berland, tlf 56 16 16 60
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal spegle folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilrettelegge arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
26.12.2023Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Rong
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4910987Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 10.12.2022
-
Helsefagarbeidar 75% fast, Heimetenesta sone nord
Øygarden kommune
Rong -
Avdelingsleiar til Heimetenesta, 100 % fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar 75% fast, demensavdeling Fjell sjukeheim
Øygarden kommune
Straume -
Faste helgestillingar 15-20%, Sundheimen
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Sjukepleiarar til 100% og 2x75% fast stilling, Sundheimen, avd. demens
Øygarden kommune
STRAUME