• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    04.07.2022
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    , Øygarden
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4676631
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Sjukepleiar 75% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sjukepleiar fast 75% stilling- Heimetenesta sone nord

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.

Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:
Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. Som sjukepleier i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim. Ein vil møte brukarar i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske soner, i team og aleine. Vi treng deg som ein kompetent sjukepleiar som kan utføre sjukepleiefaglege oppgåver og omsorgsoppgåver. Vi ynskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.

Det vert no lyst ut etter 75% fast stilling for sjukepleiar i heimetenesta sone nord. Sone nord har sonekontor på Rong.

Arbeidsoppgåver:
• Sjukepleiarfaglege oppgåver knytt til pleie, behandling og miljøretta tiltak i brukars heim.
• Primærsjukepleie
• Aktivt bidra til å sikre individuelle, faglege og etisk forsvarlege tenester.
• Ivareta sjukepleiarfagleg ansvar på vakt
• Tverrfagleg samarbeid, samt samarbeid med brukar og pårørande
• Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
• Halde deg faglig oppdatert og bidra til fagleg utvikling.

Kvalifikasjonar for stillinga:
• Autorisert sjukepleiar

Andre krav:
• Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskaper
• Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
• Søkjar må ha førarkort for bil
• Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel

Personlege eigenskapar:
• Vi søker etter ein sjukepleiar som brenn for faget sitt, er fleksibel og som liker ansvar og utfordringar. Du blir en del av eit godt miljø der me vektlegg trivsel, kvalitet og samarbeid.
• Det vektlegges at du kan arbeide sjølvstendig, har gode etiske og faglege haldningar, er trygg på deg sjølv, har gode samarbeidsevner og er løysningsorientert.

Vi tilbyr:
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• IA bedrift
• Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
• Interessante utfordringar
• Høve til fagleg og personleg utvikling

Anna:
• Sjukepleiarar i turnus i Øygarden kommune er løna kr 35 000 per år over tariff. Avdelinga nyttar årsturnus.
• Stillinga er ledig frå 15.08.22.
• Ved eventuell intern tilsetjing kan anna stillingsprosent bli ledig.

Kontakt:
Einingsleiar Marianne V. Berland, tlf 56 16 16 60, 90 15 91 03


Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal gjenspegla folkesetnaden forresten. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

 

 

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    04.07.2022
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    , Øygarden
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4676631
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune