• Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    30.09.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6717753
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune
Ledigt jobb

Aukra kommune

Sjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli vår nye sjukepleiar på legekontoret i Aukra?

Vi søker 2 sjukepleiarar i 100% stilling

Vil du bruke sjukepleiarfaget ditt i ein variert og spennande arbeidskvardag, tett på pasientar og i samarbeid med dyktige kollegaer?

Aukra legekontor er kommunalt drive legekontor med eit etablert og sterkt fagmiljø. Legekontoret har 4 fastlegar og 4,5 stillingar til sjukepleiarar og anna hjelpepersonell.
Kontoret betener ca. 2700 fastlegepasientar, i tillegg har vi daglegevakt og betener akutte henvendelser.

Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med tett samarbeid med legane og dei andre medarbeidarane på kontoret. Vi legg vekt på gode pasientmøter, fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver er varierte og omfattar mellom anna:

  • Laboratoriearbeid og prøvetaking
  • Legemiddelhandtering
  • Utføre prosedyrar som spirometri, audiometri, EKG og anna
  • Assistere ved småkirurgi og andre prosedyrar
  • Vaksinasjonsarbeid
  • Handtere sentralbord og akutttelefon
  • Administrere timebøker og triagere pasienter  
  • Kontoret betener legevakt på kvardagar mellom kl.08.00 -16.00
  • Utrykning ved akutte hendelser
  • Bidra aktivt til kvalitetsforbetringsarbeid i avdelinga
  • Dokumentasjon i tråd med gjeldande lovverk og forskrifter
  • Betene resepsjonen og merkantile oppgåver

Organisering av tenester ved legekontoret er i stadig utvikling. Du må derfor vere førebudd på å tileigne deg ny kunnskap og kompetanse etter kvart som oppgåver og behov endrar seg.

Vi ønskjer ein sjukepleier som kan bidra aktivt til vidareutvikling av gode arbeidsmåtar og tenester ved legekontoret.

Nærare informasjon om stillinga får du ved å kontakte avdelingsleiar.

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som:

  • Har offentleg godkjent utdanning og autorisasjon som sjukepleiar, oppgi gjerne HPR-nummer i søknaden
  • Behersker norsk skriftlig og muntlig
  • Har erfaring som sjukepleiar, gjerne frå legekontor eller anna relevant helseteneste
  • Har gode datakunnskapar og erfaring med digitale arbeidsverktøy, vi bruker EG som journalsystemleverandør
  • Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du har pasient og fag i fokus
  • Liker å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Trygg på selvstendige faglege avgjersler
  • Tåler utfordringar og høgt arbeidstempo
  • Har gode samarbeidsevner og relasjonelle ferdigheiter
  • Viser engasjement, reielegheit og respekt i møte med andre
  • Kommuniserer godt med pasienter og kolleger
  • Opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker

Vi tilbyr

  • Eit aktivt tverrfagleg fagmiljø med høgt engasjement og gode, humørfylte kollegaer
  • Varierte dagar med breitt spekter av utfordringar og rask pasientflyt
  • 100 % fast stilling i eit etablert og variert fagmiljø
  • Moglegheit til å utvikle deg faglig
  • Gode pensjons – og forsikringsordningar gjennom KLP
  • Kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
  • Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning jmf. Kommunens kompetanseplan
  • Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk

 

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.

Prøvetid
Det er gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"

Sjå ein kort presentasjon av Aukra kommune her: https://www.youtube.com/watch?v=nDe8ChkkXj

 

  • Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    30.09.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6717753
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune