Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
26.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6590405Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med og forme framtidas heimeteneste?
Førde heimeteneste eining 2 held til på Førde omsorgssenter og er ei av seks heimetenester i Sunnfjord kommune. Vi gir tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til heimebuande innbyggjarar – og vi er stolte av å vere ei teneste i stadig utvikling.
Hos oss får du ein arbeidsplass med:- om lag 40 årsverk og eit fagmiljø med brei kompetanse
- høg satsing på velferdsteknologi
- aktiv deltaking i ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling
- sterk fagleg interesse for demensomsorg og gode heimetenester for innbyggjarane våre
Vi er ei levande og framtidsretta teneste – og no leitar vi etter ein ny kollega som vil vere med og bidra til trygge, nære og profesjonelle tenester. Kanskje er det akkurat deg vi manglar?
Vi har ledig vikariat som sjukepleiar:- 100 % sjukepleiar 11.05.2026 - 30.04.2027
Stillinga inneber ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med todelt turnus og arbeid kvar 3. helg.
KvalifikasjonarVi ser etter deg som har:
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- førarkort klasse B
Vi ønskjer oss sjukepleiarar som:
- er varme, omsorgsfulle og glade i menneske
- handterer ein travel kvardag med ro og tryggleik
- bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- kommuniserer og samarbeider godt
- er fleksible, løysingsorienterte og endringsvillige
Personlege eigenskapar vert vektlagde ved tilsetjing.
Vi tilbyr:Hos oss får du:
- engasjerte og støttande kollegaer og leiarar
- eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- varierte og pasientnære arbeidsdagar
- gode vilkår i tråd med gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
Her får du bruke kompetansen din på ein plass der jobben verkeleg betyr noko – kvar dag.
Anna informasjon:Søknad skal leverast elektronisk og må innehalde referansar.
Gyldig politiattest skal leverast før oppstart
Vi håpar akkurat du søker – velkomen til ein spennande jobb i Førde heimeteneste!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
26.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6590405Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
-
Sjukepleiar/vernepleiar, Prestahagen
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Sjukepleiar/vernepleiar 80 % vikariat natt
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Sjukepleiar/vernepleiar, dagtid sommar 2026
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Helsefagarbeidar, Prestahagen
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Sogn PPT søkjer sakshandsamar og logoped!
Sogndal kommune
SOGNDAL