Bedrift
Hå kommuneSøknadsfrist
05.01.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6490075Se her for andre jobber fra Hå kommune
Hå kommune
Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Engasjement sjukepleier tilknytta Hå mottak i 40 % i 1 år med oppstart etter avtale frå nyåret.
Me har fått midler til eit prosjekt som noverande ansatt skal inn i og det er difor i 1 år ledig 40 % engasjement tilknytta kommunen sine helsetenester ved Hå mottak, ordinær avdeling. Oppstart etter avtale.
Stillinga er tilknytta Nærbø legekontor men arbeidsplassen er ved Hå mottak. Her jobber ein tett med tilsette på mottaket, helsesjukepleiar og tilsette frå meistringseininga. Stillinga har ansvar for helsekartlegging, kommunikasjon med kommunar og andre mottak og har ein koordinerande funksjon opp mot andre helsetenester.
Ein arbeider tett med sjukepleiar som har hovuddelen av stillinga.
Me er på jakt etter deg som liker å jobba sjølvstendig men i tett dialog og samarbeid med andre. Det kan vera nyttig med erfaring frå både psykisk og somatisk helseteneste og gjerne frå stillingar der ein har sjølvstendig oppfølgingsansvar. Ved ynskje om større stillingsprosent kan ein sjå på kombinasjonar som ekstrahjelp og stillingar i andre tenesteområde.
Personleg egnethet blir vektlagt.
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.
Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.
Bedrift
Hå kommuneSøknadsfrist
05.01.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
EngasjementBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
4360, VARHAUG
HÅ
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6490075Se her for andre jobber fra Hå kommune