• Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    11.08.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5805733
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune
Ledig stilling

Sula kommune

Sjukepleiar 61 % fast stilling, natt

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du lyst å arbeide i ei aktiv avdeling med spennende arbeidsoppgåver?

Korttids/rehabiliteringsavdelinga ved Sulatunet gir tilbod til brukarar som har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus og har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov. Vi tilbyr opptrening/vedlikehaldstrening, avlastning og palliasjon. Fokus for arbeidet i avdelinga vil være å ivareta og styrke brukarane sine eigne ressursar.

Vi har nært samarbeid med legekontor og rehabiliteringstenesta.

Sulatunet har lyse og gode lokaler å arbeide i. Vi ligg ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar.

Avdelinga har flinke, engasjerte fagfolk og spennande arbeidsoppgåver. Vi er innovative, det blir nytta velferdsteknologi og vi har nyleg innført Helseplattformen. 
Vi har besøkshund tilknytta avdelinga.

Vi oppmodar sjukepleiar- og vernepleiarstudentar i 3.året om å søke på den ledige stillinga, da vi har gode stipendordningar

Kvalifikasjoner:

  • Vi søkjer etter ein autorisert sjukepleiar/vernepleiar
  • Krav om politiattest for stillinga.

Personlige egenskaper:

  • Du må være fleksibel og villeg til å omstille deg om det er behov for det
  • Gode faglege kunnskapar
  • Du må kunne arbeide systematisk etter daglege arbeidsplanar og rutiner
  • Du må være lojal mot arbeidsgivar og dine kollegaer og vise gode evner til samarbeid
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg er ein føresetnad.
  • Evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagmiljø
  • Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagd.

Vi tilbyr:

  • Et positivt og engasjert fagmiljø
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • God opplæring og moglegheit for fagleg påfyll
  • Langvakter på helg
  • Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
  • Stipendordning for sjukepleiararstudentar
  • Lokalt tillegg for helsepersonell (6500,- + 5000,-) for 3.årig høgare utdanning
  • Tillegg for vidareutdanning
  • Tillegg for praksisrettleiarar for sjukepleiarstudentar, med og utan formell vidareutdanning
  • Rekrutteringstillegg
  • Gratis parkering
 

  • Bedrift
    Sula kommune
  • Søknadsfrist
    11.08.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5805733
  • Se her for andre jobber fra Sula kommune