• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    28.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4329249
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 21.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sjukepleiar - 60 % natt

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig ei 60 % fast stilling som sjukepleiar i nattpatruljen med arbeid i snitt kvar 3. helg. Oppmøteplass vil vere Manger, Knarvik og Frekhaug. Hovudstillinga vil vere på Manger.

For arbeid som sjukepleiar på natt får du funksjonstillegg på kr 18.000,- i 1/1 stilling. Du kan vel å binde deg i 2 år mot eit rekrutteringstilskot på kr 50.000,- utbetalt ved tiltrede.

Om Nattpatruljen

Nattpatruljen gjev tenester til alle distrikt i Alver kommune, og er organisert under avdeling Knarvik Sør Vest heimeteneste. Det er to tilsette på jobb kvar natt i nattpatruljen, og dei tilsette på Manger samarbeidar tett med nattpersonalet på Radøy Velferdssenter ved oppdrag etter behov. I nattpatruljen arbeidar sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. 

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta i Alver gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Dei siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav til at utførte tenester vert dokumentert i Profil. 

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Sertifikat klasse B

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:

  • er inspirerande og engasjert
  • kan prioritere i ein hektisk kvardag
  • har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • kan skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag
  • er løysningsorientert, påliteleg og fleksibel
  • er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
  • har evne til å arbeide sjølvstendig
  • har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Årsturnus
  • Pensjonsordning
  • Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov-og avtaleverk
  • Rekrutteringstillegg på kr 50.000,- ved tiltrede mot to års bindingstid 
  • Funksjonstillegg på natt på kr 18 000 pr år i 100 % stilling

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    28.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Natt
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4329249
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 21.01.2022