Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
29.09.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5869293Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sande omsorgssenter er ein institusjon som ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og ca 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø. Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.
Er du nyutdanna sjukepleiar og ikkje heilt har bestemt deg for arbeidsplass enno? Eller er du ein erfaren sjukepleiar som kan tenke deg å prøve noko nytt? Ja, då bør du søke på Sande omsorgssenter. Vi kan tilby arbeid med mykje glede, ansvar og faglege utfordringar.
Som sjukepleiar har du ansvar for sjukepleie til avdelingas pasientar og du arbeidar i team og tverrfaglig. Du skal som pasientansvarlig sjukepleier være pasientens kontakt og talsperson, og ha ansvar for å sikre kontinuitet, faglig forsvarlighet, kvalitet og koordinering av tenestetilbodet.
Krav til søkar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg
- politiattest ved start i stilling
Vi ser etter deg som
- er fagleg engasjert og har vilje til å halda deg oppdatert
- er løysingsorintert, fleksibel, tenker nytt og har evne til å reflektere
- har gode samarbeidsevne
- er strukturert
- er ansvarsbevisst
- samarbeider og kommuniserer godt
- er lojal og bidreg til eit positivt miljø
Vi har prøvd ut langvakter og har god erfaring med det. Det er og høve til å kombinere med langvakt og kortvakt. Vi tilpassar så lenge det let seg gjere etter behov.
Går ein langvakt i helgar; arbeid kvar 4.helg. Kortvakter i helgar; arbeid kvar 3.helg
Vi har rekruttering-og stabiliseringstillegg på 20 000. I tillegg får ein godskreve dokumentert arbeid/teneste etter fylt 18 år. Omfattar og sjølvstendig næringsdrivande om arbeidet kan dokumenterast.
Velkommen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
29.09.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5869293Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune