Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Kvam Herad i Brønnøysund

Sjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du sjukepleiar og trivst med å jobba på natt? Søk ledig stilling hos oss.

  • 70 % vikariat i Natt-tenesta
  • ledig fom. snarast - tom.01.08.2025

Natt-tenesta gjev tenester til pasientar og brukarar i heildøgnsomsorg, i heimetenesta og til menneske med utviklingshemming. Gruppa jobbar fleksibelt og samarbeider på tvers av dei ulike gruppene. Natt-tenesta er organisert i Tenester til heimebuande.

I Natt-tenesta er me avhengig av eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenester og kollegaer og me søkjer difor etter ein engasjert og nytenkjande sjukepleiar. Velkomen som søkjar!

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til heimebuande og på institusjon.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Du må ha sertfikat klasse B
  • Erfaring frå nattarbeid er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg (tilsvarande BI)
  • Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.

Personlege eigenskapar

  • Tek ansvar og likar ei utfordring
  • Fleksibel og nytenkjande
  • Jobbar sjølvstendig, men har og har god evne til samarbeid

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø, på ein arbeidsplass som er i utvikling
  • Du får øvd opp vurderingskompetansen din og brukt kunnskapen din i samspel med pasientar i ulike livsfasar
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Som sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg med 25 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Generell informasjon

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette