Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Sjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sande omsorgssenter er ein institusjon som ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og ca 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø.

Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.

Er du nyutdanna sjukepleiar til sommaren og ikkje heilt har bestemt deg for arbeidsplass enno? Eller er du ein erfaren sjukepleiar som kan tenke deg å prøve noko nytt for ein periode? Ja, då bør du søke på Sande omsorgssenter. Vi kan tilby eit arbeid med mykje glede, ansvar og faglege utfordringar.

Som sjukepleiar har du ansvar for sjukepleie til avdelingas pasientar og du arbeidar tverrfaglig. Du skal som pasientansvarlig sjukepleier være pasientens kontakt og talsperson, og ha ansvar for å sikre kontinuitet, faglig forsvarlighet, kvalitet og koordinering av tenestetilbodet.

Vi har ledig:
  • 100 % vikariat i 1 år
Krav til søkar:
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • politiattest
Vi søker deg som:
  • fagleg engasjert og har vilje til å halda deg oppdatert
  • øysingsorintert, fleksibel, tenke nytt og har evne til å reflektere
  • gode samarbeidsevne
  • er strukturert
  • samarbeider og kommuniserer godt
  • lojal og bidreg til eit positivt miljø

 

Vi har prøv ut langvakter og har god erfaring med det. Det er og høve til å kombinere med langvakt og kortvakt. Vi tilpassar så lengt det let seg gjera etter behov.
Går ein langvakt i helgar;  arbeid kvar 4.helg. Kortvakter i helgar; arbeid kvar 3.helg

 

Vi har rekruttering-og stabiliseringstillegg på 20 000.

 

Du søker elektronisk.

 

Velkommen som søkar!