Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
11.01.2021Ansettelsesform
workTime.KveldBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3284143Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 28.12.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Sjukepleiar 60% fast natt - Heimetenesta sone sør
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du den nye sjukepleiaren vår?
Er du sjukepleiar og ønskjer deg fast stilling, med gode kollegaer og varierte oppgåver? Me søkjer etter deg som er engasjert, fleksibel og har fokus på høg kvalitet for brukarane våre.
Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. Som sjukepleiar i heimetenesta vil du møte brukarar i alle aldrar og med stor variasjon i hjelpebehov. Du får høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje ny erfaring, i eit miljø som er oppteken av å vere fagleg oppdatert. Me har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/ tiltak.
Arbeidsoppgåver:
- Yte fagleg forsvarleg teneste til brukarane
- Kartleggje sjukepleiebehov, prioritere og iverksetje tiltak
- Dagleg miljøarbeid i eining
- Samarbeid med pårørande
- Arbeide tverrfagleg og dele di fagkunnskap
- Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø
- Dokumentasjon i fagjournal
Kvalifikasjonar for stillinga:
- Autorisert sjukepleiar
- Det vil bli lagt vekt på personlege eignaheit
- Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
- Søkjar må ha førarkort for bil
- Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel
- Krav om framlegg av politiattest
Me tilbyr:
- Fast 60% stilling på natt, der 10% er knytt til timebank
- Eit godt arbeidsmiljø, dyktige kollegaer og ein arbeidsplass der me kan leggje til rette for fagleg utfordringar og utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift.
Anna:
- Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i turnus er for tida løna kr 25 000 per år over gjeldande tariff i Øygarden kommune
- Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar på natt er for tida løna kr 65 000 per år over gjeldande tariff i Øygarden kommune
- Stilinga er ledig frå 20.01.2021
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
11.01.2021Ansettelsesform
workTime.KveldBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
3284143Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 28.12.2020