• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2022
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4598464
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Sjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me har ledig 70% fast stilling som autorisert sjukepleiar innan psykisk helse- og rustenesta, avdeling Stedjevegen.

Avdelinga er bemanna dag og kveld heile veka gjennom og har turnus med langvakter på 12 timar.

Arbeid 4.kvar helg

 

Ved interne tilsettingar kan det bli ledige andre vikariat/engasjement i tenesta.

 

Arbeidsoppgåver og ansvar:

· Medisinansvarleg i avdelinga

· Målretta miljøarbeid

· Praktisk bistand i daglege oppgåver

· Delta i tverrfagleg samarbeid i kommunen, samt med pårørande og spesialisthelsetenesta

· Medikamenthandtering.

· Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk

 

Kvalifikasjonar:

· Autorisert sjukepleiar.

· Vidareutdanning og erfaring frå arbeid innan psykisk helse/rus er eit føremonn.

· Førarkort klasse B

· Gode norsk kunnskapar

· Politiattest av nyare dato ved tilsetting

 

Personlege eigenskapar:

· Evne til å arbeide målretta, strukturert, fleksibelt og sjølvstendig.

· Har god relasjonskompetanse

· Er fleksibel og reflektert, og kan takle uforutsette situasjonar

· Gode samarbeidsevner og samstundes vere audmjuk for andre sin kompetanse og erfaringar

· Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd.

 

Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til rammer og kontinuitet. Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukarar, og kollegaer internt og eksternt.

Som tilsett vert det forventa at du har evne til å setje deg inn i, og handle ut ifrå, brukar sine samansette behov og at du bidreg til trivsel og godt miljø.

 

Me tilbyr:

· Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling og under oppbygging.

· Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar.

· Eit godt arbeidsmiljø.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Lønn etter tariffavtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    18.05.2022
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Adresse:
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4598464
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune