Företag
Gulen kommuneAnsökningstiden
06.06.2021Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3478668Se här för andra jobb från Gulen kommune
- Uppdaterad 21.05.2021
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Gulen kommune
Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
3.gongs utlysing
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har har 2300 innbyggjarar, ledig barnehageplass, og eit godt oppvekstmiljø for barn og ungeKommunen har byggeklare tomter, både kommunale og private.
Gulen kommune har ledig inntil 100% fast stilling som sjukepleiar frå 01.08.21/etter avtale. Oppgåvene er for tida knytt til arbeid ved avdeling Dalsøyra, men det kan verte aktuelt med oppgåver i heile eininga ved behov.
Turnus, for tida 3. kvar helg.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene
- Medikamentadministrasjon
- Andre sjukepleiefaglege oppgåver
- Stedfortredar for avdelingssjukepleiar
- Delta i dagleg drift
- Andre oppgåver som måtte komme til
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Førarkort klasse B
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Vi tilbyr:
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Hjelp med å skaffe bustad
- Løn etter tariff
- God barnehagedekning i kommunen
Företag
Gulen kommuneAnsökningstiden
06.06.2021Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3478668Se här för andra jobb från Gulen kommune
- Uppdaterad 21.05.2021