• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    13.12.2021
  • Stillingsfunksjon
    Sjukepleiar
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3310678
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 02.12.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Sjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Skei Heimeteneste yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp og velferdsteknologi. Vi har ansvar for bebuarar i 28 omsorgsbustadar, i tillegg til brukarar ute i bygdene. 6 av desse bustadane utgjer eining for personar med demens. Brukarane der treng tett og kontinuerleg oppfølging og er avhengige av trygge og føreseielege råmer. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling. Vi har fleire tiltak innan demensomsorg og kvardagsrehabilitering. Vi har integrert velferdsteknologiske løysingar. Vi ynskjer å vere ei levande teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt. Målet vårt er å finne dyktige fagpersonar som kan vere med å dra i denne retninga. Er det deg?

Vi har ledig følgande stilling:
  • 100 % fast stilling som sjukepleiar

Sjukepleiar/ fleksistilling, 3-delt turnus med arbeid kvar 3.helg. Fleksistilling er ikkje ein del av grunnbemanninga, men bidreg til å dekke vikarbehov ved fråvær. Ein har likevel rett på turnus på lik linje med alle andre. Stillingane skal vere eit tiltak for å sikre kontinuitet og fagdekning i eininga. Vi søkjer deg som er fleksibel og som likar varierte dagar. Meirkompensasjon. Meir info får ein på intervju.

Krav til søkar:
  • norsk autorisasjon som Sjukepleiar
  • gyldig politiattest
  • beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • førarkort
Vi søker deg som:
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • er strukturert, ansvarsbevist og løysingsorientert
  • taklar å jobbe i ulike avdelingar
  • ynskjer å jobbe i bustad for eldre      
  • er nytenkjande og kreativ
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Vi kan tilby:
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • inkluderande miljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • drivande godt arbeidsmiljø
  • god og tilstedeverande leiing
  • ein arbeidsplass å være stolt av

Du må søke elektronisk.

 

Velkommen som søkar!

·         

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    13.12.2021
  • Stillingsfunksjon
    Sjukepleiar
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3310678
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 02.12.2020