Detaljer

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    25.12.2020
  • Sted:
    FØRDE
  • Stillingsfunksjon:
    Sjukepleiar
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    FØRDE
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3279816
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune

Sjukepleiar

Skei Heimeteneste yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp og velferdsteknologi. Vi har ansvar for bebuarar i 28 omsorgsbustadar, i tillegg til brukarar ute i bygdene. 6 av desse bustadane utgjer eining for personar med demens. Brukarane der treng tett og kontinuerleg oppfølging og er avhengige av trygge og føreseielege råmer. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling. Vi har fleire tiltak innan demensomsorg og kvardagsrehabilitering. Vi har integrert velferdsteknologiske løysingar. Vi ynskjer å vere ei levande teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt. Målet vårt er å finne dyktige fagpersonar som kan vere med å dra i denne retninga. Er det deg?

Vi har ledig følgande stilling:
  • 100 % fast stilling som sjukepleiar, fleksistilling.

Sjukepleiar/ fleksistilling, 3-delt turnus med arbeid kvar 3.helg. Fleksistilling er ikkje ein del av grunnbemanninga, men bidreg til å dekke vikarbehov ved fråvær. Ein har likevel rett på turnus på lik linje med alle andre. Stillingane skal vere eit tiltak for å sikre kontinuitet og fagdekning i eininga. Meir info får ein ved intervju.

Krav til søkar:
  • norsk Autorisasjon som Sjukepleiar
  • gyldig politiattest
  • beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • førarkort
Vi søker deg som:
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • er strukturert, ansvarsbevist og løysingsorientert
  • taklar å jobbe i ulike avdelingar
  • ynskjer å jobbe i bustad for eldre
  • har interesse og erfaring i å jobbe med personar med demens
  • er nytenkjande og kreativ
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
 Vi kan tilby:
  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • inkluderande miljø
  • pasientnært og fagleg fokus
  • drivande godt arbeidsmiljø
  • god og tilstadeverande leiing
  • ein arbeidsplass du kan vere stolt av
  • tilsettinga etter dei vilkår som til ein kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar

Du må søke elektronisk.

 

Velkommen som søkar!