Företag
Samnanger kommuneAnsökningstiden
11.10.2020Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Tysse
SAMNANGER
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
3180973Se här för andra jobb från Samnanger kommune
- Uppdaterad 25.09.2020
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Samnanger kommune
Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Eining for pleie og omsorg er den største eininga i kommunen. Ansvarsområda til eininga er mellom anna sjukeheim, heimesjukepleie, praktisk bistand i heimen, bufellesskap for funksjonshemma og dagsenter. Me er opptatt av stadig å jobba for gode og kvalitative tenester, og ynskjer heile tida å utvikla og forbedra tenestene me leverer. Pasientsikkerhet og kvalitetsbedring er me svært opptatt av.
Me søker etter sjukepleiar på Samnangerheimen og i Heimetenesta i vikariat frå 1/1-21 til 1/11-21 med arbeid kvar 6. helg.
Arbeidsoppgåver:
- Gi råd og rettleiing til kollegaer og studentar
- Sikre pasientens individuelle behov
- Jobbe målretta for å gi pasientane, og pårørande deira ein tryggleik og ein fagleg kvalitet som gjenspeglar ein verdig alderdom
- Ta del i faglege avgjerder, og utviklinga til avdelinga
- Delta i ulike små og større prosjekt
- Delta i team rundt brukar og bidra med fagleg kompetans
Delta i direkte tenesteyting mot brukarar
- Bidra til trygg medikamanethandtering
- Delta i daglege gjeremål i eininga og andre delegerte arbeidsoppgaver frå leder
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Beherskar pc og bruk av elektronisk arbeidsverktøy, då me brukar elektronisk pasientjournal system CosDoc
- Søkjar må ha førarkort
- Du må kunna leggja fram politiattest
Personlege eigenskapar:
- Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneske
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er engasjert og ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Du er åpen for nye utfordringar
- Evne til å takle stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
- Fleksibel
- Målbevisst og resultatorientert
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
Me tilbyr:
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fleksible arbeidstidsordninger
Me ønsker eit arbeidsmiljø prega av mangfold, og at våre tilsette skal gjenspeigla befolkninga forøvrig. Me oppforda alle som er kvalifisert til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legger vekt på å tilrettelegge arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Me gjer merksam på at søkjarlister til stillingar i kommunen er offentlege, jf. § 25 i offentleglova. Opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. I slike tilfelle vil søkjaren verta varsla på førehand, slik at han/ho har moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP sin pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap.
Företag
Samnanger kommuneAnsökningstiden
11.10.2020Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Tysse
SAMNANGER
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
3180973Se här för andra jobb från Samnanger kommune
- Uppdaterad 25.09.2020