Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
15.11.2020Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3125372Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 27.10.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Vaksdal kommune
Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vaksdal kommune har ledig 87.80% fast stilling som sjukepleiar. Delar av stillinga er på natt.
Arbeidsstad
Vaksdal sjukeheim.
Om avdelinga
Vaksdal kommune har ledig 87.80% sjukepleiarstilling i 3. etasje på Ressurssenteret for personar med demens. For tida tredelt turnus, kombinert dag, kveld og natt.
Ressurssenteret er på Vaksdal sjukeheim. 3. etasje er somatisk avdeling, med til saman 17 pasientar fordelt på to sider. Sjukeheimen ligg i vakre Vaksdalsbygda, med kort avstand til togstasjon.
Det skjer mykje spanande utvikling på ressurssenteret, både innan demensfeltet og eldreomsorgen generelt. Du vil få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset.
Krav til kompetanse
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetjing
- Ynskjeleg med erfaring og kompetanse frå demensomsorg
Personlege eigenskapar
- Me ser etter deg som er trygg i sjukepleiarfaget, er god på samarbeid og som bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
- Du likar å arbeide i team og ha pasientane i fokus
- Du ser løysingar og er positiv, er tolmodig og brenn for god pleie og omsorg
- Du må takle å stå i interessekonfliktar og har høg arbeidskapasitet
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Lønsvilkår
- Etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Vaksdal kommune kan tilby
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søkjer du:
Klikk "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
For tilsette som søkjer på stilling, må opprette nytt brukarnamn og passord.
Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 95 52 75 04
Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
15.11.2020Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3125372Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 27.10.2020