Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
15.08.2022Ansettelsesform
workTime.NattBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4680340Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 06.07.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Alver kommune
Sjukepleiar - 80 % fast natt
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi styrker nattpartuljen i heimetenesta og har difor ledig 80 % fast stilling som sjukepleiar. Stillinga inneber arbeid i snitt kvar 3. helg. 20 % av stillinga vil vere knytt til å dekke fråvær/arbeid i ressursbank.
Som sjukepleiar på natt vil du få eit funksjonstillegg på kr 18.000,- i 100 % stilling. I tillegg kan du som ekstern søkjar vel å binde deg i 2 år mot eit rekrutteringstillegg på kr 50.000,- utbetalt ved tiltrede.
Om Knarvik Sør Vest heimeteneste
Avdeling Knarvik Sør Vest har kontor i Knarvik. På dag/kveld gjev vi tenester til brukarar som bur i Knarvik. I tillegg er nattpatruljen organisert under avdelinga. Nattpatruljen dekker heile Alver kommune og har oppmøteplass i Knarvik, på Frekhaug eller på manger. Den eine stillinga vil hovudsakleg ha oppmøte på Manger, og den andre Frekhaug/Knarvik. I nattpatruljen jobber det sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, og det er to på jobb på alle oppmøteplassene.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar i heimetenesta og nattpatruljen vil du få arbeide bredt innafor fagfeltet. Du vil yte tenester til brukarar som bur i eigen heim, og jobbe med alt frå heimesjukepleie til administrasjon av legemidlar til heimebuande. Kvardagen vil variere ut frå behovet til brukarane, og du vil oppleve stor grad av fagleg utvikling. Tenstene vert gjort etter vedtak, og du vil følgje ei arbeidsliste i tillegg til å respondere på alarmar ved behov.
Heimetenesta er framtidsretta og har dei siste åra satsa på velferdsteknologi, mobilt vaktrom, mobil omsorg, digital vaktbok og andre digitale løysingar.
Kompetanse
Krav til kompetanse
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Sertifikat klasse B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
Som sjukepleiar på natt er du
Effektiv - du taklar stress og liker høgt tempo
Sjølvstendig - du trivast med å ha ansvar og finn lett løysingar
Fagleg sterk - du behalder roen i uforutsatte/akutte situasjonar, og klarar å prioritere
Glad i mennesker - du vert motivert av å jobbe med mennesker og ønskjer å bruke faget til det beste for brukar
Positiv - du er ein humørspredar, både blant kollegaer og brukarane
Nattugle - du trivast med å jobbe natt og klarer å halde fokuset oppe
Framtidsretta - du ser nye måter å jobbe på, er villig til å gjere ting på ein anna måte og er positiv til digitale løysingar
Vi tilbyr
- Rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot binding i 2 år utbetalt ved tiltrede (gjeldt eksterne søkjarar)
- Funksjonstillegg som sjukepleiar på natt på kr 18.000,- i 100 % stilling
- Årsturnus
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spanande og varierte utfordringar
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Bli kjent med Alver kommune
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
15.08.2022Ansettelsesform
workTime.NattBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4680340Se her for andre jobber fra Alver kommune
- Oppdatert 06.07.2022