Ledig stilling

Øygarden kommune

Sjukepleiar 2x75% fast stilling, Sundheimen, avd.demens og natt

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du vår nye medarbeidar i eit travelt, triveleg og utviklande arbeidsmiljø?

Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har både korttids og långtidspasientar.

Vi har no ledig 2x 75% sjukepleiar stillingar, 1 av stillingane er på natt og 1 på demens avd.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg omsorg for eldre menneskjer
  • Sjukepleiarfaglege oppgåver
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Dokumentasjon
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid

 

Kvalifikasjonar: 

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Ønskjeleg med:

  •  Erfaring frå sjukeheim og gjerne med erfaring med demente brukarar.

  

Eigenskapar:

  • Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du er engasjert og ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
  • Du er open for nye utfordringar
  • Evne til å takle stress og hektiske situasjoner
  • Fleksibel
  • Målbevisst og resultatorientert
  • Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremme det positive

 

Anna:

  • Sjukepleiarar i fast turnus vert løna kr. 35.000,- over tariff i 100 %

 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Kontakt:

Einingsleiar : Janne Thode , TLF: 56339720/45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no

Avdelingsleiar: Ann- Magritt Gamlemshaug , TLF: 56 16 04 00/ 97 50 13 68

 

 

 

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.