Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
08.06.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5208487Se her for andre jobber fra Alver kommune
Alver kommune
Sjukepleiar - 2x100 % fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi har ledig to faste sjukepleiarstillingar i 100 %, med arbeid i todelt turnus og kvar 3. helg. Stillingane er ledig med oppstart frå 01.07.2023.
Om Frekhaug heimeteneste
Avdeling Frekhaug har to kontor; eit kontor på Frekhaug og eit kontor på Vikebø. Det er om lag 60 tilsette i avdelinga, og vi gjev tenester til personar busett på Holsnøy og Flatøy.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisingar. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.
Kompetansekrav
- Offentleg godkjent sjukepleiar
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er inspirerande og engasjert. Du kan prioritere i ein travel kvardag, men samstundes skape arbeidsglede når kvardagen vert hektisk. Som sjukepleiar er du løysingsorientert, påliteleg og fleksibel. Du har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø. I tillegg er du lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga.
Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig, samt i team. I tillegg er du ein sjukepleiar med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Vi tilbyr
- Ein aktiv kvardag med mange spanande og varierte utfordringar
- Dyktige kollegaer og høg kompetanse
- Fagleg utvikling
- Tilsetjing i samsvar med lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning
- Humor og humør
- Årsturnus
For sjukepleiarar tilbyr vi kr 10.000,- over garantiløn etter ansiennitet.
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Bli kjent med Alver kommune
Bedrift
Alver kommuneSøknadsfrist
08.06.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5208487Se her for andre jobber fra Alver kommune
-
Helsefagarbeidar - 100 % fast
Alver kommune
ISDALSTØ -
Helsefagarbeidar/sjukepleie-/vernepleiestudent/assistent - 17, 18 og 19 % fast
Alver kommune
ISDALSTØ -
Sjukepleiar - 100 % fast
Alver kommune
ISDALSTØ -
Assistent - 100 % fast
Alver kommune
ISDALSTØ -
Helsefagarbeidar - 100 % fast
Alver kommune
ISDALSTØ