• Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    21.10.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6408675
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune
Ledigt jobb

Aukra kommune

Sjukepleiar - 2 x 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli vår nye medarbeidar? Aukra kommune søker sjukepleiar i fast 100% stilling ved Aukra Omsorgssenter.

Aukra Omsorgssenter ligg på Gossen Ferga er gratis og turen tek 10 minutt frå fastlandet. Institusjonen har tre avdelingar og totalt 30 plassar; skjerma avdeling, korttids- og avlastningsavdeling, samt langtidsavdeling. Omsorgssenteret inneheld `og 20 heildøgns omsorgsbustadar og base for heimesjukepleie.

Gruppa med sjukepleiarar utgjer eit sterkt fagmiljø med ulike kompetansar, og det er tett samarbeid med heimesjukepleie. Det er eit godt tverrfagleg samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut og tilsynslege.

Alternative turnusplanar er godt innarbeidd og går over 12 veker. Du kan sjølv velgje mellom langvakter og vanlege vakter på helg, eller ein kombinasjon av dette. Turnusplanar blir individuelt tilpassa så langt drifta tillet det. 

Kvalifikasjonar 

  • Offenleg godkjent sjukepleiar
  • God i norsk,  munnleg og skriftleg
  • Interesse for teknologi
  • Relevant erfaring og kunnskap om eldreomsorg 

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjert med interesse for geriatri
  • Strukturert, løysingsorientert, nytenkande
  • Relasjonsbyggar
  • Fagleg oppdatert
  • Bidragsytar til godt arbeidsmiljø og teamarbeid 
  • God på å prioritere og beslutte
  • Personleg eigna 

Aukra kommune tilbyr 

  • Startlønn 8 års ansiennitet etter Hovudtariffavtalen
  • Stabilitetstillegg (bonusordning)
  • Akuttmedisinsk kurs grunna drift av legevaktsatelitt
  • Støtte til vidareutdanning jfr. Kompetanseplana
  • Nytt omsorgssenter med moderne fasilitetar og teknologi 

Anna

Aukra Omsorgssenter ligg på øya Gossen i Aukra kommune. På Gossen er det mange fine turstiar og flott natur. Vi har også kulturhus med konsertar, kino, svømmebasseng og bibliotek. 

Særskilte krav

Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkarliste 

Du kan reservere deg frå søkarlista, men må grunngjeve kvifor i søknad. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på søkarlista jmf. Offentleglova §25. Du blir varsla om reservasjon ikkje vert tatt til følge. 

 https://youtu.be/nDe8ChkkXjI?si=OXQAoowppl-wSeff

 

 

  • Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    21.10.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6408675
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune