Detaljer

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    27.10.2020
  • Sted:
    STRAUME
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STRAUME
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3219920
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune

Sjukepleiar 100% vikariat - Heimetenesta sone nord

 

Heimetenesta er inndelt i tre geografiske soner. Som sjukepleier i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim. Ein vil møte brukarar i ulike livssituasjonar og med ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske soner, i team og åleine. Vi treng deg som ein kompetent sjukepleiar som kan utføre sjukepleiefaglege oppgåver og omsorgsoppgåver. Vi ynskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.

Det vert no lyst ut etter 100% vikariat for sjukepleiar i heimetenesta sone nord. Sone nord har sonekontor på Rong

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiarfaglege oppgåver og omsorgsoppgåver i tenestemottakar sin heim
  • Primærsjukepleie
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Autorisert sjukepleiar
  • Gode norsk kunnskapar munleg og skriftleg

Andre krav:

  • Søkjar må ha førarkort for bil
  • Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Kompetent, open, påliteleg og engasjert
  • Fleksibel og løysningsorientert
  • Gode etiske og faglege haldningar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Bidrar til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivs med å arbeide i ein hektisk arbeidskvardag

Anna: 

  • Sjukepleiarar i turnus er løna kr 25 000 per år over tariff
  • Vikariatet er ledig i perioden 01.12.2020 – 30.8.2021
  • Ved eventuell intern tilsetjing kan anna stillingsprosent bli ledig i samme tidsrom

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.