• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    05.02.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4967208
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sjukepleiar - 100 % vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 100 % vikariat som sjukeplear frå snarast råd til 31.12.2023. Stillinga er i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.  

Om Ostereidet heimeteneste

Ostereidet heimeteneste består av ei "ute" gruppe og ei "inne" gruppe. Utegruppa gjev tenester til brukarar i tilhøyrande geografisk område, medan innegruppa gjev tenester til bebuarar som bur i heildøgnsbemanna bustader på Ostertun som består av 28 leilegheiter. Personalet har fast turnus inne og ute, men må pårekne å jobbe der det er behov for kompetansen. Avdelinga har eit godt tverrfagleg team av fagansvarleg, driftskoordinator, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. 

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim og i omsorgbustad pluss. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeider tett med ulike fagmiljø oglegg vekt på tverrfagleg samarbeid. Siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisert sjukepleiar
  • Førarkort klasse B

Ønskt kompetanse

Erfaring frå heimeteneste og/eller sjukeheim

Personlege eigenskaper
Vi ønskjer oss ein person som:

  • trivst med å arbeide sjølvstendig
  • har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • er løysingsorientert og fleksibel
  • er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
  • har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane våre

Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og variert utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    05.02.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4967208
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune