Detaljer

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    21.09.2020
  • Sted:
    ISDALSTØ
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    ISDALSTØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3094253
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune

Sjukepleiar - 100 % vikariat

Kort om stillinga

Det er ledig 100 % stilling i vikariat som sjukepleiar ved Nordgardstunet.

Avdelinga er eit bufellesskap for personar med demens. Vi legg vekt på god fagleg kompetanse, samarbeidsevner, interesse for miljøarbeid og demensomsorg. Det er og viktig med god evne til å  skapa eit triveleg miljø for pasientar, pårørande og medarbeidarar. 

Om Meland sjukeheim

Meland sjukeheim har denne visjonen:
Omsorg med livsglede og kompetanse

Våre verdiar er:
Respekt - tillit - livsglede

Meland sjukeheim består av desse avdelingane:
- Kortidsavdeling - Solkroken
- Langtidsavdeling - Lerketunet/Nordgardstunet
- Dagsenter for eldre
- Institusjonskjøkken

Meland sjukeheim arbeider med å styrkje kvalitet på tenesta. Verkemiddel her er mellom anna arbeid med årsturnus og heiltidskultur. Vidare gjev arbeid med årsturnus høve til å påverka eigen ferie og fritid.

Arbeidsoppgåver

  • Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg sjukepleie og behandling av bebuarane ved sjukeheimen
  • Organisering av det daglege arbeidet i avdelinga
  • Rettleiing av studentar og anna helsepersonell

Du har gjerne erfaring med rehabilitering i eldreomsorgen, der fokus er retta mot å ivareta pasientane sine ressurser og bistå med nye metoder for at pasienten skal vere mest mogleg sjølvstendig. 

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Offentleg godkjent sjukepleiar/3-årig sjukepleiehøgskule

Du har gjerne vidareutdanning innan geriatri og erfaring frå demensomsorg. Dine norskkunskapar er gode, både munnleg og skriftleg. 
Erfaring og samarbeidsevne vert vektlagt.

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariffavtale
Pensjonsordning gjennom KLP
Godt arbeidsmiljø
Fagleg stimulerande miljø med dyktige og engasjerte kollegaer

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.