Bedrift
Kvam kommuneSøknadsfrist
14.08.2022Stillingsfunksjon
HelsepersonellAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
HelsetjenesterUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligØnsket Språk
norsk, engelskAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4713545Se her for andre jobber fra Kvam kommune
- Oppdatert 02.08.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kvam kommune
Sjukepleiar 100 % stilling
Helsetjenester
Stillinga er ledig frå snarast og er for tida knytt til gruppa Kvam heimetenester.
Kvam heimeteneste gjev heimesjukepleie og praktisk bistand til heimebuande frå Kjepso til Ljones. Tenesta er i utvikling og me har fokus på styrking av kapasitet og kompetanse for å møte nye utfordringar. Målet er at det å bu i eigen heim skal vera eit reelt alternativ til tenester høgare oppe i omsorgstrappa. Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og heimehjelparar jobbar tett saman i team.
Kvam heimeteneste er organisert under Tenester til heimebuande saman med korttidsavdelinga, hjelpemiddellager og dagaktivitetstilbod. Me har og eit nært samarbeid med andre grupper i pleie og omsorg.
Arbeidsoppgåver
Sjukepleie primært knytt til heimebuande i Kvam.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Du må kunne arbeida sjølvstendig
- Må ha førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som:
- Fleksibel og tek ansvar
- Møter andre på ein respektfull og open måte
- Deler og aukar kunnskap
- Er open for endringar
Vi tilbyr
- Me tilbyr spanande arbeidsoppgåver i eit arbeidsmiljø med høg fagdekning
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Kjersti Hanssen Gruppeleiar Kvam heimeteneste 482 08 990
Annelin Aga 48208990 annaga@kvam.kommune.no
Bedrift
Kvam kommuneSøknadsfrist
14.08.2022Stillingsfunksjon
HelsepersonellAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
HelsetjenesterUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligØnsket Språk
norsk, engelskAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4713545Se her for andre jobber fra Kvam kommune
- Oppdatert 02.08.2022