Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

Sjukepleiar 100% stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vaksdal kommune har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar. 

Arbeidsstad/om avdelinga 

Arbeidsstad vil vera i 3. etasje på Ressurssenteret for personar med demens.
Stillinga har turnusarbeid, med arbeid kvar tredje helg.

Ressurssenteret er på Vaksdal sjukeheim. 3. etasje er somatisk avdeling, med til saman 17 pasientar fordelt på to sider. Sjukeheimen ligg i vakre Vaksdalsbygda, med kort avstand til togstasjon. 
Det skjer mykje spanande utvikling på ressurssenteret, både innan demensfeltet og eldreomsorgen generelt. Du vil få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset.

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetjing
  • Ynskjeleg med erfaring og kompetanse frå demensomsorg

Personlege eigenskapar

  • Me ser etter deg som er trygg i sjukepleiarfaget, er god på samarbeid og som bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
  • Du likar å arbeide i team og ha pasientane i fokus
  • Du ser løysingar og er positiv, er tolmodig og brenn for god pleie og omsorg
  • Du må takle å stå i interessekonfliktar og har høg arbeidskapasitet

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Lønsvilkår

  • Etter gjeldande lov- og avtaleverk.

Vaksdal kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Slik søkjer du:

Klikk "send søknad" og følg vidare instruksjonar.

For tilsette som søkjer på stilling, må opprette nytt brukarnamn og passord. 

Treng du hjelp, kan du venda deg til Innbyggjarservice tlf: 56 59 44 00, eller personalavdelinga tlf: 95 52 75 04