Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
17.08.2020Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3004946Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 22.07.2020
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Sjukepleiar 100% fast, v/demensavd. på Sundheimen
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Vi har fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande fase og i ei palliativ fase. Vi arbeidar tverrfagleg for å møte pasientane sine behov. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 – 10 pasientar. Sundheimen har både korttids og langtidspasientar.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg omsorg for eldre menneskjer
- Sjukepleiarfaglege oppgåver
- Ivareta pasientane sine individuelle behov
- Dokumentasjon
- Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Eigenskapar:
- Ønskjer å jobba med eldre sjuke menneskjer
- Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert
- Du er engasjert og ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Du er open for nye utfordringar
- Evne til å takla stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
- Fleksibel
- Målbevisst og resultatorientert
- Bidreg til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
Anna:
- Dette er ei fast stilling med start frå 1.september. Stillinga inngår p.t i turnus med arbeid kvar 3. helg, men vil frå desember vere ein del av årsplan. Inntil 20% av stillinga er timebank
- Vernepleiar kan søke og vil bli vurdert
- Erfaring frå sjukeheim og gjerne med erfaring med demente brukarar.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i turnus er for tida løna kr 25 000 per år over gjeldande tariff i Øygarden kommune
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar på natt er for tida løna kr 65 000 per år over gjeldande tariff i Øygarden kommune
Kontakt:
- Einingsleiar : Janne Thode , 56339720/45044569 janne.thode@oygarden.kommune.no
- Avdelingsleiar: Renate Forland : 56339710 renate.forland@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
17.08.2020Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3004946Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 22.07.2020