Company
Alver kommuneApplication deadline
17.09.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5247259Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 19.08.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Alver kommune
Sjukepleiar - 100 % fast stilling Radøy velferdssenter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Vi søkjer etter ein sjukepleiar til 100 % fast stilling i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Vi utbetaler rekrutteringstillegg ved tiltrede på kr 50 000,- mot bindingstid på 2 år for eksterne søkjare.
Radøy Velferdssenter
Radøy Velferdssenter er ein stor sjukeheim i Alver kommune med omlag 60 tilsette, sjukeheimslege i 70 % stilling, og fire grupper. Blant desse finn du to grupper spesielt tilrettelagt for demente pasientar som har tilgang til eigen sansehage. Vi tilbyr både korttidsplassar og langtidsplassar, og i mars 2019 opna vi tre palliative sengeplassar, Florence.
Velferdssenter er kjent for god omsorg, høg standard på pleien til pasientane, og god kvaliteten på maten som vert servert frå Radøy Matsørvis. Som Sjukepleiar hjå oss vil du ha ei sentral rolle i utviklinga av tilbodet ved avdelingane, i samarbeid med helsefagarbeidare og lege. Vi jobbar kontinuerleg med å forbetre tilbodet til våre dementavdelingar, palliative sengeplassar og for å møte andre faglege utfordringar i tråd med samhandlingsreforma.
Som sjukepleiar vil du vere med i organisering av det daglege arbeidet i di avdeling, og veilede studentar og anna helsepersonell. Du er også ein naturleg del av styringsgruppa ved sjukeheimen. Gruppa set retning for utvikling av sjukeheimen, og er samansett av sjukepleiarene, lege og leiar. Vi kan tilby ein spanande og aktiv arbeidskvardag med særs varierande arbeidsoppgåver.
Arbeidsoppgåver
I arbeidet vil du utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg sjukepleie med respekt for gjeldande lovverk og våre interne rutiner. Du vil delta i tverrfagleg samarbeid og ha ansvar for å rettleie og støtte studentar, lærlingar og kollegaer. Samarbeid med pårørande og på tvers av tenestene i kommunen vil vere viktig. Du blir ein pådrivar for å sikre gode tenester til pasientane og oppmuntre dei til å bruke sine eigne ressursar.
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test
Ønska kompetanse
Dersom du er spesialsjukepleiar innan palliasjon eller geriatri vil dette være ein fordel i stillinga.
Kven er du?
Vi søkjer etter ein sjukepleiar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å lære noko nytt kvar dag og trivst med å arbeide med brukarar med komplekse helseutfordringar. Du er ein som lett får oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilete og prioritere i en travel kvardag. Vi ser etter ein sjukepleiar som i tilleg til å være tydeleg også klarer å sjå den enkelte pasient, pårørande og kollega. Du er ein bidragsyter i arbeidsmiljøet, er fleksibel og jobbar godt i team
Vi tilbyr
- Spennande og faglig utfordrande arbeidsoppgåver
- Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov-og avtaleverk
- Pensjonsordning gjennom KLP
- Rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltrede
- Sjukepleiare i Alver kommune ligg kr 10 000,- over minstelønnstabellen til KS
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Company
Alver kommuneApplication deadline
17.09.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5247259Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 19.08.2023