• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    12.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4591943
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 10.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sjukepleiar - 100 % fast stilling Lindås bu og servicesenter

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga
Vi søkjer etter fleire sjukepleiarar til 100 % faste stillingar i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Om Lindås bu- og servicesenter
Lindås Bu og Servicesenter er ei langtidsavdeling med 24 plasser. Hos oss er pasientane inndelt i to grupper, ein gruppe som er somatisk, og ein gruppe for personar med demenssjukdom.

Vi er stolt av dei gode tenestane vi leverer til pasientane som er hos oss. Arbeidsmiljøet vårt er prega av at vi har godt samhold, og at vi er fleksibel og løysingsorientert. Som sjukepleiar hos oss vil du og oppleve ein oversiktelig arbeidskvardag i form av at vi har tydelege og gode rutinar og rytme i kvardagen.

Dersom du har fagleg interesse for demens og sammensatte diagnoser hos eldre trur vi at denne stillinga kan passe for deg!

Arbeidsoppgåver
Du gjev omsorgsfull og fagleg forsvarleg sjukepleie etter gjeldande lovverk og interne rutinar

Tverrfagleg samarbeid
Du gir rettleiing til studentar, lærlingar og kollegaer
Samarbeid med pårørande og kollegaer på tvers av tenestene
Være en pådrivar i avdelinga for å sikre gode tenester til pasientane
Være aktiv pådrivar for at pasientane våre får brukt sine eigne ressursar

Kompetanse
Norsk autorisasjon som sjukepleiar

Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Dersom du er utdanna uanfor Norden treng du godkjend B2 - test

Ønskt kompetanse
Relevant vidareutdanning som spesialsjukepleiar, innen eksempelvis geriatri, psykiatri eller aldersdemens.

Kven er du?
Vi søkjer etter ein sjukepleiar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å lære noko nytt kvar dag og trivst med å arbeide med brukarar med komplekse helseutfordringar. Du er ein som lett får oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilete og prioritere i en travel kvardag. Vi ser etter ein sjukepleiar som i tilleg til å være tydeleg også klarer å sjå den enkelte pasient, pårørande og kollega. Du er ein bidragsyter i arbeidsmiljøet, er fleksibel og jobbar godt i team

Vi tilbyr

  • Spennande og faglig utfordrande arbeidsoppgåver
  • Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov-og avtaleverk
  • Rekrutteringstillegg  for eksterne søkjare på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltrede

Politiattest

I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    12.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4591943
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 10.06.2022