Company
Gulen kommuneApplication deadline
28.05.2023Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5134530Look here for other jobs from Gulen kommune
- Updated 09.05.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Gulen kommune
Sjukepleiar 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har har 2300 innbyggjarar, ledig barnehageplass, og eit godt oppvekstmiljø for barn og unge.
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar frå snarast/etter avtale, for tida ved Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Arbeid kvar tredje helg, eventuelt langvakt kvar fjerde helg. Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim er ei av 12 einingar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik-krinsen, samt til personane på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik. Stillinga vil i fyrste omgang vere knytt til sjukeheimen, men det kan vere aktuelt med oppgåver både i heimetenesta og på sjukeheimen ved behov.
Kommunen tilbyr løn over tariff, samt bonus på 40 000,- utbetalt gjennom dei to første åra.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Medikamentadministrasjon
- Andre sjukepleiefaglege oppgåver
- Avløysar for avdelingssjukepleiar
- Andre oppgåver som måtte komme til
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, påførande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest. Det er også krav om negativ MRSA/TBC før oppstart for arbeid ved arbeid i institusjon.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Vi tilbyr:
- Løn over tariff, samt bonus på 40 000,- ved binding i to år.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Company
Gulen kommuneApplication deadline
28.05.2023Industry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5966, EIVINDVIK
GULEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5134530Look here for other jobs from Gulen kommune
- Updated 09.05.2023