• Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    31.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4155325
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 14.10.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alver kommune

Sjukepleiar - 100 % fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi søkjer etter ein sjukepleiar til 100 % fast stilling i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Radøy Velferdssenter

Radøy Velferdssenter  har 4 avdelingar, der to av avdelingane er tilrettelagde for demente pasientar og har utgang til ein sansehage. Me har både Kortidsplassar og langtidsplassar.  I mars 2019 starte me opp avdeling Florence, der vi har tre pallative sengeplassar. Radøy Velferdssenter har kring 60 tilsette, og sjukeheimslege i 70% stilling. Maten vert servert frå kommunalt kjøkken - Radøy Matsørvis. 

Som sjukepleiar vil du vere med i organisering av det daglege arbeidet i di avdeling, og veilede studentar og anna helsepersonell. Som sjukepleiar er du ein naturleg del av styringsgruppa ved sjukeheimen. Gruppa set retning for utvikling av sjukeheimen, og er samansett av sjukepleiarene, lege og leiar. Vi kan tilby ein spanande og aktiv arbeidskvardag med særs varierande arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver 

  • Omsorgsfull og fagleg forsvarleg sjukepleie etter gjeldande lovverk og interne rutiner
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Veiledning av studentar, lærlingar og kolleger.
  • Samarbeid med pårørande, og på tvers av tjenestane i kommunen
  • Være ein pådrivar i avdelinga for å sikre gode tjenestar til pasientane
  • Være aktiv pådrivar for at pasientane våre får brukt sine eigne ressursar

Kompetansekrav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Dersom du er utdanna uanfor Norden treng du godkjend B2 - test

Ønskt kompetanse

Vidareutdanning innen demens eller geriatri.

Kven er du?

Vi søkjer etter ein sjukepleiar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å lære noko nytt kvar dag og trivst med å arbeide med brukarar med komplekse helseutfordringar. Du er ein som lett får oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilete og prioritere i en travel kvardag. Vi ser etter ein sjukepleiar som i tilleg til å være tydeleg også klarer å sjå den enkelte pasient, pårørande og kollega. Du er ein bidragsyter i arbeidsmiljøet, er fleksibel og jobbar godt i team

Vi tilbyr

  • Spennande og faglig utfordrande arbeidsoppgåver
  • Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov-og avtaleverk
  • Rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltrede

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. 

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    31.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4155325
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune
  • Oppdatert 14.10.2021