Detaljer

  • Bedrift
    Alver kommune
  • Søknadsfrist
    02.12.2020
  • Sted:
    Lindås
  • Stillingstype:
    Skift/turnus
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Vestland
  • Arbeidssted:
    Lindås
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3263884
  • Se her for andre jobber fra Alver kommune

Sjukepleiar 100% fast stilling

Kort om stillinga

Vi har ledig ei fast 100 % stilling som sjukepleiar ved Lindås bu- og servicesenter.

Om Lindås bu- og servicesenter

Lindås bu- og servicesenter er ein langtidsavdeling med 16 somatiske plassar og 8 plassar tilpassa demente. 

Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar arbeider du sjølvstendig og i samarbeid med andre for å gje heilskapleg omsorg og behandling. Samarbeid på tvers av avdelingar og faggrupper er avgjerande for at bebuarane skal få best mogleg behandling og pleie. Du inngår i eit tverrfagleg team som kan bestå av sjukepleiarar, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukeheimslege med fleir. 

Kompetanse

Vi søkjer etter sjukepleiarar med eit genuint engasjement for eldreomsorg, og som vil være med på å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for pasientar og kollegaer.

  • Du må være autorisert sjukepleiar
  • 3. års sjukepleiarstudentar kan og søkje, tilsetting då med atterhald om autorisasjon

Du arbeidar godt sjølvstendig og i samarbeid med andre, og er ein god rollemodell i tverrfagleg samanheng. I tillegg bidrar du til godt samarbeid med pårørande og andre. Vi ønskjer at du har gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg, samt norsk autorisasjon som sjukepleiar. Det er ønskjeleg med B2-test for søkjarar som er utdanna utanfor Norden. Du har gjerne relevant vidareutdannig, t.d. i eldreomsorg/geriatri.  

Vi tilbyr

  • Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov-og avtaleverk.
  • kr 50 000,- i rekrutteringstillegg ved oppstart mot to års binding ved sjukeheimane
  • kr 25.000,- i rekrutteringstillegg ved oppstart mot eitt års binding ved sjukeheimane 

Politiattest

I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.