• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    02.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5073554
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 16.03.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Sjukepleiar 100% fast, Heimetenesta sone Straume

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sjukepleiar 100% fast, heimetenesta sone Straume

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Om avdelinga:

Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner med sonekontor på Straume, i Skogsvåg og på Rong. Som sjukepleier i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim. Ein vil møte brukarar i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske soner, i team og aleine

Sone Straume ligg sentralt på Straume

 

Det vert no lyst ut etter 100% fast stilling for sjukepleiar i sone Straume.

Sjukepleiarar i turnus i Øygarden kommune er løna kr 35 000 per år over tariff.

Avdelinga nyttar årsturnus.

Stillinga er ledig frå 01.06.2023.

 

Vi har sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, som alle jobbar saman for å møte pasientane sine behov. Vi har god kollegastøtte og eit godt arbeidsmiljø.

Vi treng no ein  dyktig og kunnskapsrik sjukepleiar i teamet vårt. Vi håper at du er den rette sjukepleiaren og ønskjer deg velkomen til å søkje på stillinga.

Brukarene av heimetenesta har ulike behov, og vi har fokus på individuell tilpassa oppfølging og tenester, med utgangspunkt i den enkelte sine mål og ressursar. Dette gjer grunnlag for ulike utfordringar, kor du som sjukepleiar får bruke din kompetanse! Vi ønskjer sjukepleiarar som legg vekt på å ha en individuelt tilrettelagt brukarbehandling gjennom observasjon, sjølvstendige vurderingar, planlegging og utføring av tiltak.

Vi har eit godt fagmiljø og  jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre vårt arbeid, og vi ønskjer engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring. Vi har god takhøgde i organisasjonen.

Ta gjerne kontakt på telefon til avdelingsleiar eller einingsleiar om du har spørsmål om stillinga.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Tverrfaglig samarbeid med andre faggrupper
  • Sjukepleiefaglege oppgåver
  • Rettleiing til pasientar, pårørande, kollega og studentar
  • Administrasjon – tiltaksplanar, prosedyrar, rapportering m.m

 

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Autorisasjon som sjukepleiar

Ønskjeleg med:

  • Erfaring frå heimetenesta

 

 Personlege eigenskapar:

  • Verdset gode kollega og det å jobbe saman som eit lag
  • Løysingsorientert, initiativrik, evner å planlegge og gjennomføre
  • Strukturert, nøye og effektiv
  • Engasjert
  • Ei som kan bidra positivt inn i arbeidsmiljøet
  • Evner å jobbe sjølvstendig
  • Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer

 

Vi tilbyr:

  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordninga

 

Anna:

  • Søkjar må ha førarkort kl. B

 

Kontakt:

Einingsleiar: Brit Larsson  55097182/99642253

Avdelingsleiar: Angelica Rønhovde 55097183

  

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    02.04.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5073554
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 16.03.2023