Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
02.09.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4732020Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 20.08.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Sjukepleiar 100% fast, heimetenesta sone sør
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi søkjer sjukepleiar til 100% fast stilling ved Heimetenesta sone sør
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 40 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Er du den nye sjukepleiaren vår?
Er du sjukepleiar og ønskjer deg jobb med gode kollegaer og varierte oppgåver? Vi søkjer etter deg som er engasjert, fleksibel og har fokus på høg kvalitet for brukarane våre.
Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. Som sjukepleiar i heimetenesta vil du møte brukarar i alle aldrar og med stor variasjon i hjelpebehov. Du får høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje ny erfaring, i eit miljø som er oppteken av å vere fagleg oppdatert. vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling / tiltak.
Det vert no lyst etter 100% stilling fast for sjukepleiar i heimetenesta sone sør. Sone sør har sonekontor på Skogsvåg. Stillinga ligg i årsturnus.
Rekrutteringstillegg for 100% stilling på kr. 35 000,-
Stillinga er ledig frå snarast.
Arbeidsoppgåver:
- Yte fagleg forsvarleg teneste i henhold til gjeldande vedtak.
- Bidra til å sikre forsvarleg pleie- og omsorgstenester, og at oppgåver utføres i tråd med kvalitetskrav og lovverk
- Kartleggje sjukepleiebehov, prioritere og iverksetje tiltak
- Fremme god helse, førebygge sjukdom og lindre liding.
- Bidra til god ressursutnytting på avdelinga og tverrfagleg samarbeid, internt i tenesta, så vel som i kommunen.
- Samarbeide tverrfagleg med fastlege, pårørande og andre kommunale instansar.
- Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø
- Gje rettleiing til nye medarbeidarar, studentar og elevar.
- Dokumentasjon i fagjournal
Kvalifikasjonar for stillinga:
- Autorisert sjukepleiar
- Det vil bli lagt vekt på personlege eignaheit
- Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
- Søkjar må ha førarkort for bil
- Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel
- Krav om framlegg av politiattest
Vi tilbyr:
- Fast 100% stilling der 20% er knytt til timebank.
- Eit godt arbeidsmiljø, dyktige kollegaer og ein arbeidsplass der vi kan leggje til rette for fagleg utfordringar og utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift.
Kontakt:
Einingsleiar Kate S Løland 950 71 121
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsett skal gjenspegla folkesetnaden forresten. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
02.09.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Skogsvåg
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4732020Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 20.08.2022