• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3981204
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 14.07.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Sjukepleiar 100% fast - Heimetenesta sone sør

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du den nye sjukepleiaren vår?

Er du sjukepleiar og ønskjer deg jobb med gode kollegaer og varierte oppgåver? Vi søkjer etter deg som er engasjert, fleksibel og har fokus på høg kvalitet for brukarane våre.

Heimetenesta i Øygarden Kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske soner. Som sjukepleiar i heimetenesta vil du møte brukarar i alle aldrar og med stor variasjon i hjelpebehov. Du får høve til å utfordre, utvikle og tileigne deg mykje ny erfaring i eit miljø som er oppteken av å væra fagleg oppdatert. Vi har fokus på å gje brukaren god livskvalitet, oppretthalde eigne ressursar og gje dei høve til å bu heime så lenge som mogleg gjennom førebyggjande behandling/tiltak.

Det vert no lyst ut etter 100% fast stilling for sjukepleiar i heimetenesta sone sør. Delar av stillinga er knytt til timebank. Sone sør har sonekontor på Skogsvåg. Stillinga ligg i årsturnus.

 

Stillinga er ledig frå snarast.

  

Arbeidsoppgåver:

  • Yte fagleg forsvarleg teneste til brukarane
  • Kartleggje sjukepleiebehov, prioritere og iverksetje tiltak
  • Dagleg miljøarbeid i eining
  • Samarbeid med pårørande
  • Arbeide tverrfagleg og dele din fagkunnskap
  • Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø
  • Dokumentasjon i fagjournal

  

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Autorisert sjukepleiar
  • Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
  • Søkjar må ha førarkort for bil
  • Det vil bli lagt vekt på personlege eignaheit
  • Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel
  • Krav om framlegg av politiattest

  

Anna:

Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- på år over gjeldande tariff.

 

Me tilbyr:

  • Fast 100% stilling der delar av stillinga er knytt til timebank
  • Eit godt arbeidsmiljø, dyktige kollegaer og ein arbeidsplass der me kan leggje til rette for fagleg utfordringar og utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA bedrift.
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

 

 

Kontakt:

Einingsleiar Kate S Løland 56 16 05 02 / 950 71 121

 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    31.07.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Skogsvåg
    ØYGARDEN
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3981204
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 14.07.2021