Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
29.05.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5164174Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Sjukepleiar 100% fast, Fjell sjukeheim
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sjukepleiar 100% fast stilling – somatisk avdeling - Fjell sjukeheim
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Øygarden kommune sine verdiar: Stolt – På lag – Med glød - Modig
Ønskjer du nye utfordringar?
Fjell sjukeheim ligg sentralt på Straume.
Somatisk avdeling har ulike pasientgrupper; korttidspasientar, avlastnings-/vurderingspasientar og langtidspasientar – alle med ulike behov for behandling og oppfølging. Dette gjer grunnlag for ulike utfordringar, kor du som sjukepleiar får brukt din kompetanse! Vi ønskjer sjukepleiarar som legg vekt på å ha en individuelt tilrettelagt pasientbehandling gjennom observasjon, sjølvstendige vurderingar, planlegging og utføring av tiltak.
Vi ønskjer å jobbe slik at alle pasientar får ein helhetleg teneste med utgangspunkt i pasientens mål og ressursar. Blodprøvetaking og andre undersøkingar tas på avdelinga, og sykepleiarane kan jobbe saman for å ta gode vurderingar ut ifrå disse.
For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av fløyer og mellom faggrupper finn stad. Våre sjukepleiarar må være eit viktig ledd i dette arbeidet.
Vi jobbar kontinuerleg med å kvalitetssikre vårt arbeid, og vi ønskjer engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring. Vi har god takhøgde i organisasjonen. Vi er i en prosess for å organisere sjukepleiarane i sjukepleiarteam.
Kven er du?
- Verdset gode kollega og det å jobbe saman som eit lag
- Løysingsorientert, initiativrik, evner å planlegge og gjennomføre
- Strukturert, nøye og effektiv
- Engasjert
- En som kan bidra positivt inn i arbeidsmiljøet
- Evner å jobbe sjølvstendig
- Ønskjer å jobbe med eldre sjuke menneskjer
Arbeidsoppgåver:
- Tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper
- Sjukepleiefaglege oppgåver
- Blodprøvetaking og anna medisinsk utstyr
- Rettleiing til pasientar, pårørande, kollega og studenter
- Administrasjon – tiltaksplanar, prosedyrar, rapportering m.m.
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Autorisert sjukepleiar
Ønskjeleg med:
- Erfaring frå sjukeheim
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Anna:
- Sjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff
- Gratis parkering i parkeringshus
- Ved intern tildeling kan anna stilling bli ledig
Kontakt:
Einigsleiar: Ruth N Bakke Tlf: 55 09 74 13/903 60 110, mail: ruth.bakke@oygarden.kommune.no
Avd.leiar: May-Britt Hægland tlf 951 60 647
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
29.05.2023Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5164174Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Sjukepleiar 100% fast, Heimetenesta sone Straume
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar 75% fast, demensavdeling Fjell sjukeheim
Øygarden kommune
Straume -
Helsefagarbeidar/spl.student/assistent til 13% og 17% fast, Fjell sjukeheim
Øygarden kommune
Straume -
Faste helgestillingar 15-20%, Sundheimen
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Sjukepleiar 75% fast stilling, Sundheimen, demensavdelinga
Øygarden kommune
STRAUME