Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
30.09.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5884356Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 17.09.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Øygarden kommune
Sjukepleiar 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med 40 000 innbyggjarar og over 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Ved Øygarden Lokalmedisinske senter jobbar flinke sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, ergo-/fysioterapeutar og legar i lag for å gje gode tverrfaglege tenester. Målet er å gje pasientane trygge og profesjonelle tenester, for å skape gode pasientforløp og god overgang til heimen.
Øygarden lokalmedisinske senter inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste. Stillinga er knytt til Øygarden lokalmedisinske senter, for tida 3. etg Nord, med kortidssenger og øyeblikkelig hjelp (ØH)-senger.
Presisering for denne stillinga:I tillegg til arbeidsoppgåver som skildra under, skal personene som blir tilsett skrive turnus for 3. etg avdeling sør og nord. Vi har årsturnus og ny turnus blir laga kvar haust frå midten av august og vel seks veker fram. I denne perioden trer sjukepleiar i denne stillinga ut av ordinær turnus.
Arbeidsoppgåver:- Oppfølging, pleie og behandling av pasientane
- Arbeide for å hjelpe pasienten til å nå sine mål og avdekke kva som er viktig for dei
- Arbeide lojalt og aktivt med Øygarden lokalmedisinske senter sine kvalitetsrutinar og fagprosedyrar
- Rettleiing, opplæring og utviklingsarbeid
- Tverrfagleg arbeid
- Vere ein god rollemodell for å skape eit kreativt og utviklande fagmiljø
- Utarbeide årsturnus
- Autorisert sjukepleiar.
- Erfaring med å utarbeide turnus eller har eigenskapar og interesse som skal til for å lære turnusskriving.
- Du er opptatt av pasienten sin rett til medbestemmelse og involverar pårørande
- Du ønskjer å jobbe med korttidspasientar, palliative pasientar og ØH-pasienter
- Du tykkjer det gir meining at dei fleste pasientane har nytte av opptrening og rehabilitering.
- Du vil jobbe for å nå måla som blir sett for pasienten
- Du viser engasjement i arbeidet ditt
- Du har respekt for andre og deler din kunnskap med dei som treng det
- Du er er open, nysgjerrig og gir beskjed når det trengs
- Du ønskjer eit spanande fagmiljø med godt kollegafellesskap
- Du har god IT-kunnskap
- Du er systematisk og har god orden
- Du snakkar og skriv godt norsk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Stillinga blir lagt i årsturnus.
- Alle sjukepleiarar får eit tillegg på 35 000,-
Tonje Tangen Alvsvåg – Einingsleiar 55 09 72 20
Anita Bildøy Hestad – Avdelingsleiar 48 17 79 90
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
30.09.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5884356Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
- Oppdatert 17.09.2024